Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Sande stadion laur., 14. okt. 2017 15:00
Sunndal
Sunndal
4-5 Referat
Vestnes Varfjell
Varfjell

Bane: Eidsvåg stadion tys., 10. okt. 2017 18:30
Eidsvåg
Eidsvåg
0-8 Referat
Vestnes Varfjell
Varfjell

Bane: Vestnes Idrettspark søn., 08. okt. 2017 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
4-2 Referat
Surnadal
Surnad.

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 82 60
2 KFK 22 81 50
3 Sunndal 22 41 46
4 Surnad. 22 11 40
5 Tomref 22 19 38
6 AK 22 18 37
7 Eide 22 17 35
8 Varfjell 22 4 34
9 Træff2 22 -40 16
10 Frei 22 -51 14
11 Elnesv. 22 -70 13
12 Eidsvåg 22 -112 1

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Vann stort på bortebane - Connor i 300
laurdag 30. september 2017 16:38

Vestnes Varfjell hadde små problem med å slå svakt plasserte Elnesvågen på bortebane laurdag. 6-1 sto det til slutt etter tre mål i kvar omgang. Markus Brudeseth (3), Tommy Kanishi, Jarle Løvik Salte og Knut Stian Eik skåra. Trenar Alexander Connor var einaste innbyttar grunna ein del forfall og at G16-spelarar vart spart grunna tett kampprogram. Han sette seg sjølv innpå dei siste fem minutta, nok til å notere seg for kamp nummer 300 i Varfjell-drakta! Dermed er han medlem av ein ekslusiv klubb. Berre tre spelarar har tidlegare nådd så mange obligatoriske kampar for klubben (Ronny Leikarnes, Bjarne Nerheim og Gunnar Nerbø). Connor hadde nok hatt eit enno høgare kamptal om han ikkje hadde vore hovudtrenar i ti sesongar. Sidan sonen Liam hadde fått kvile etter gutelagskamp kvelden før, vart det ikkje far og son på bana samtidig denne gongen.

Mot Elnesvågen var kampen for lengst avgjort då trenaren kom innpå. Fræna-laget måtte helst vinne for å unngå nest sisteplassen som etter alt å dømme gir kvalifiseringskamper mot nummer tre i 5. divisjon om retten til å spele i 4. divisjon også neste år. Det var likevel Varfjell som gjekk rett i angrep og Markus Brudseth hadde nær skåra då han skaut like over krysset i kampens første angrep. Kampen jamna seg så litt ut før same Brudseth sette ballen forbi keeper etter pasning frå Sivert Nerheim til 1-0 etter 20 minutt. Så hadde Amund Stavem eit skot like utanfor før Tommy Kanishi skaut hardt og under keeper til 2-0 frå 16 meter etter at Brudseth lhadde lagt ballen tilbake til sin kaptein. Då var det spelt 32 minutt på Elnesvågen stadion. To minutt seinare var Brudseth igjen assistent då han spelte igjennom Jarle Løvik Salte som sette ballen til side for heimelagets målvakt. Same Salte hadde nær blitt tomålsskårar like før pause, men skotet gjekk frå tverrliggaren og ned på feil side av streken.

Trenar Connor åtvara i sin pauseprat mot å senke tempoet og tru at kampen var avgjort. Det var den i realiteten før to minutt var gått av andre omgang. Brudseth avslutta i stiolpen og Knut Stian Eik fekk æren av å sette inn returen til 4-0. Like etter fekk Elnesvågen lov til å redusere etter at Varfjell-forsvaret nølte med å avklare. I andre enden fekk Vestnes Varfjell etter kvart fritt spelerom. Særleg Amund Stavem og Tommy Kanishi, som begge var trekt ned på midtbana i denne kampen, herja med Elnesvågen. Og heilt framme var Brudseth alltid farleg. To gongar var han aleine med keeper før det det andre for dagen kom etter innlegg frå Knut Stian Eik. Hattricket vart fullført då han sette inn 6-1 på første stolpe etter corner frå Stavem fem minutt før slutt. Elnesvågen hadde også nokre sjansar i omgangen, men tre kvalifiserte redningar frå Fredrik Bergslid hindra fleire baklengs. Alt i alt ein godt gjennomført kamp mot eit Elnesvågen-lag som stilte svært ungt i tillegg til veteranane Kristian Benjaminsen og den tidlegare måltjuven Kjetil Brudseth. Surnadal er neste i det som blir årets siste heimekamp komande søndag klokka 15. Den utsette kampen mot Eidsvåg blir truleg spelt i siste veka og før laget avsluttar borte mot Sunndal.

Kampfakta:

Elnesvågen - Vestnes Varfjell 1-6 (0-3)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Laurdag 30. september 2017 kl 15

Elnesvågen stadion, 45 tilskuarar

Mål:

0-1 (20) Markus Brudeseth

0-2 (32) Tommy Kanishi Andreassen

0-3 (34) Jarle Løvik Salte

0-4 (47) Knut Stian Eik

1-4 (49)

1-5 (68) Brudeseth

1-6 (84) Brudeseth

Dommar: Anders Skorpen-Trøen, Malmefjorden

Gult kort: Dennis Nås, Elnesvågen (30)

Laget: Fredrik Bergslid, Justin Sætre, Sivert Nerheim, Håkon Kjørvik, Magnus Nerheim - Amund Stavem, Yngve Solevågseide, Tommy Kanishi Andreassen - Jarle Løvik Salte, Markus Brudeseth, Knut Stian Eik (Alexander Connor 85.)

Add a comment
 
Kristiansund vart for sterke
fredag 22. september 2017 20:02

Vestnes Varfjell tapte 2-6 mot KFK i 4. divisjon fredag kveld. Det sto 1-3 ved pause. Tommy Kanishi og Amund Stavem skåra for heimelaget. Kanishi reduserte i siste minutt av første omgang etter skot på volley heilt ute i hjørnet etter innlegg frå Magnus Nerheim. Før det hadde gjestane anført av sine veteranar med erfaring frå høgt nivå fått litt for lett spelerom tre gongar; først eit skot fra Jan Roger Angvik deretter to gongar ved John Erik Klinge på corner og innlegg framom ope mål. Vestnes Varfjell kom litt betre med i starten av andre omgang og både Kanishi (skot utanfor) og Stavem (nesten igjennom to gongar) var på sporet av ei ny redusering. Resten av omgangen handla det mest om KFK. Gjestane fekk mange overgangar etter at Varfjell mista ballen eller ikkje fekk avslutta sine angrep, og berre ein god Bergslid i Varfjell-målet og snille stenger gjorde at det framleis sto 1-3 til eit kvarter gjensto. Då fann Al-Janabi nettmaskene med eit skot forbi keeper. Jammeh auka til 1-5 på ein corner like før slutt før Klinge fullførte sitt hattrick på overtid. I kampens siste minutt då Kanishi sentra til Stavem som tok med seg ballen utanfor 16-meteren og fekk tredd den forbi keeperi mål til sluttresultatet 2-6.

VarfjellTV: Sjå målet til Kanishi her | Sjå heile kampen her

Mål:

0-1 (9) Jan Roger Angvik

0-2 (24) John Erik Klinge

0-3 (30) Klinge

1-3 (44) Tommy Kanishi Andreassen

1-4 (75) Harl Al-Janabi

1-5 (81) Pa Ousman Jammeh

1-6 (89) Klinge

2-6 (90) Amund Stavem

Laget: Bergslid, Kjørvik, S Nerheim, Connor, M Nerheim - Skare, Kanishi, Solevågseide (Løvik Salte 60.) - Stavem, Brudeseth (Enger 69.), Sissoko

65 tilskuarar i Vestnes idrettspark

Gult kort: Hart Al-Janabi, KFK

Dommar: Knut Einar Ansnes, Kvass/Ulvungen

 

Add a comment
 
Møter KFK i kveld kl 19
fredag 22. september 2017 11:00

Kristiansund FK er gjestar i Vestnes idrettspark i kveld. Gjestane kjempar heilt i toppen og vann vårkampen heile 6-0. Vestnes Varfjell har spelt seg kraftig opp sidan då, trass i eit bortetap mot Frei sist, så forhåpentlegvis blir det jamnare i kveld. Møt opp og få med deg lokalfotball i flomlys. Kiosken er open og byr vaflar, kaffe, pølser med meire. Oversikt over tidlegare oppgjer her. Avspark klokka 19.

Add a comment
 
Starta opphentinga for seint
måndag 18. september 2017 08:43

Vestnes Varfjell tapte 2-3 borte mot Frei fredag. Vertane tok leiinga etter 18 minutt og auka til 3-0 etter to raske slåringar like etter pause. Magnus Nerheim og Liam Connor reduserte på slutten, men det heldt ikkje til poeng. Neste kamp er heime mot KFK fredag.

1-0 (18) Lars Jørgen Melland

2-0 (53) Andreas Strand Wærnes

3-0 (65) Melland

3-1 (65) Magnus Nerheim

3-2 (90) Liam Connor

Gult kort: Kasper Hustad, Frei (75)

Dommar: Eirik Hyldbakk Furu, CFK

Laget:

Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik (Jarle Løvik Salte 75.), Sivert Nerheim, Liam Connor, Svein Erik Lange Male - Magnus Nerheim (Adrian Liabø 3. min, Magnus Nerheim 46.), Vegar Skare, Amund Stavem - Markus Brudseth (Christer Enger 75.), David Sissoko, Tommy Kanishi Andreassen.

Add a comment
 
Seier i 13-målsthriller - hattrick på 9 minutt!
søndag 10. september 2017 14:53

Vestnes Varfjell rodde til slutt land ein 7-6-seier over Træff 2 søndag. Gjestane frå Molde var i leiinga 3-1 ved pause, men eit hattrick frå Markus Brudseth på ni minutt i andre omgang snudde kampen. Træff utlikna til både 4-4 og 6-6 (det eine på straffe), men heimelaget sikra seg alle tre poenga med eit  straffespark på slutten. Brudseth med sitt fjerde og Elling Olafsen og Amund Stavem på straffe var dei siste målskårarane. Tommy Kanishi skåra før pause.

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Træff 2 7-6 (1-3)

Vestnes idrettspark

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, søndag 10. september 2017 kl 15

Mål:

0-1 (23) Edvard Khachatrjan
1-1 (31) Tommy Kanishi Andreassen
1-2 (36) Edvard Khachatrjan
1-3 (41) Simen Varhaugvik
2-3 (50) Markus Moen Brudeseth
3-3 (56) Markus Moen Brudeseth
4-3 (60) Markus Moen Brudeseth
4-4 (65) Simen Varhaugvik
5-4 (67) Elling Furland Olafsen
6-4 (74) Markus Moen Brudeseth
6-5 (81) Magnus Arnesen, straffe
6-6 (86) Edvard Khachatrjan
7-6 (88) Amund Stavem, straffe

Dommar: Nils Myrvang, Batnfjord

Gult kort: 3 til Træff 2
Vestnes Varfjell: Fredrik Bergslid; Jarle Løvik Salte (Adrian Liabø 75.), Svein Erik Lange Male, Liam Connor (Yngve Solevågseide 46.), Magnus Nerheim - Vegar Skare, Elling Olafsen (Christian Enger 64.), Sivert Nerheim - Amund Stavem, Markus Brudeseth, Tommy Kanishi Andreassen

Add a comment
 
Møter Træff 2 kl 15
søndag 10. september 2017 11:24

Vestnes Varfjell tar imot Træff 2 i 4. divisjon søndag kl 15. Gjestane ligg tredje sist, men slo til med ein 12-2-seier sist og vil ikkje bli noko lett motstandar. Vestnes Varfjell, på si side, kjem frå ein 2-1-seier i nabooppgjeret mot Tomrefjord. Det blir open kiosk. Møt opp og støtt heimelaget i kampen om nye poeng!

Add a comment
 
Vann 2-1 i nabooppgjeret
fredag 01. september 2017 20:36

Vestnes Varfjell vann 2-1 mot Tomrefjord i 4. divisjon fredag kveld. Laga hadde kvar sin omgang i idrettsparken. Liam Connor gav heimelaget leiinga på ein corner etter ti minutt der Tomrefjord.målvakt Eirik Taklo ikkje greide å halde ballen. Taklo gjorde det godt at då han hindre Elling Olafsen hadde to gode sjansar til å auke leiinga. Først eit skot som keeper fista over, så var han igjennom, men vart igjen hindra av Taklo i gjestane sitt mål. Tomrefjord sleit med å spele seg til sjansar før pause, men hadde eit godt skotforsøk etter 38 minutt. Etter pause var det Tomrefjord som kom best ut. Tomrefjord pressa på for utlikning, men i staden auka innbytta Jarle Løvik Salte til 2-0. Markus Brudseth spelte til Elling Olafsen som sendte ein stikkar til Salte som sette ballen forbi keeper. Tomrefjord reduserte på eit frispark i krysset frå langt hald like etter. Det var spenning langt inn i overtida, men heimelaget sikra alla poenga. Den siste store sjansen hadde faktisk heimelaget då Brudseth kom aleine med keeper. Rundt 250 tilskuarar såg lokaloppgjeret. Ein solig lagseier og endeleg seier over naboen att etter tap på dei tre siste forsøka. På eit kjempande heimelag fortener heile laget skryt for innsatsen. Bestemannsprisen gir me likevel til Amund Stavem. Kantspelaren herja til tider med Tomrefjord og jobba iherdig over heile bana.

Bildegalleri | Rbnett om kampen | Kampen i opptak på Facebook: 2. omgang - 1. omgang (video: Tor Morten Salte)

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Tomrefjord 2-1 (1-0)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Fredag 1. september 2017 kl 19

Vestnes idrettspark, 250 tilskuarar

1-0 (10) Liam Connor

2-0 (79) Jarle Løvik Salte

2-1 (81) Yngve Eik Frostad

Dommar: Per Iver Skrøvset, Bøfjord

Gult kort: Karl Arne Stokkeland (88), Amund Stavem (71), Jarle Løvik Salte (80), Vegar Skare (80), Fredrik Bergslid (90 + 3)

Vestnes Varfjell: Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Sivert Nerheim, Liam Connor, Magnus Nerheim - Elling Olafsen, Karl Arne Stokkeland (Christian Enger 90.), Vegar Skare (Yngve Solevågseide 84) - Amund Stavem, Markus Brudeseth, Tommy Kanishi Andreassen (67)

Add a comment
 
Klart for lokaloppgjer fredag kl 19
torsdag 31. august 2017 18:17

Vestnes Varfjell tek imot nabo Tomrefjord IL til kamp i 4. divisjon fredag. Avspark i Vestnes idrettspark er klokka 19. Møt opp og hei heimelaget fram til seier!

Add a comment
 
Kampen mot Eidsvåg utsatt
onsdag 23. august 2017 15:45

Bortekampen mot Eidsvåg fredag er utsatt. Grunnen er dødsfall i nær relasjon til Eidsvåg-laget. Ny dato er ikkje klar, men kampen vil måtte bli spelt i midtveka seinare i haust.

Add a comment
 
Godt forsøk, men ingen poeng mot topplaget
fredag 18. august 2017 20:09

Vestnes Varfjell yppa seg mot serieleiar Kristansund BK 2, men vart utan poeng etter at gjestane vann 2-1 i Vestnes idrettspark fredag. KBK 2 tok ei tidleg leiing, men Markus Brudseth utlikna etter eit nydeleg nedtak og skot forbi keeper. Like før pause gjekk gjestane opp i 2-1 i ein omgang der heimelaget hadde dei fleste store sjansane. KBK 2 styrte meir i andre omgang, samtidig som heimelaget vart slitne. Vertane fekk likevel nokre sjansar på kontringar, men fleire mål vart det ikkje i kampen. Heimelaget avslutta veldig ungt, med sju mann på 17 år eller yngre. Christian Enger fekk sin debut på A-laget.

Video i VarfjellTV | Bildegalleri | KBK 2 om kampen | Tidens Krav om kampen

KBK stilte med sine to mest erfarne spelarar frå start i Andreas Rødsand og Tor Erik Torske, begge med rundt 300 A-kampar for KBK, i tillegg var Erlend Sivertsen med frå A-stallen. Sivertsen hadde jobben med å stoppe Vestnes Varfjells stortalent David Sissoko, som spelte sin første kamp frå start i Amund Stavems karantenefråvær. Spissen var nære skåring etter sju minutt, men avslutninga gjekk i nettveggen. Heimelaget kom på mange angrep i starten, men nølande avklaring gav KBK 2 sjansen i andre enden. Torske var sist på 0-1-skåringa. I andre enden hadde Kanishi eit skot like utanfor, før Markus Brudeseth utlikna. Måndalingen, som spelte midtspiss i denne kampen, tok ballen elegant ned og sette den forbi KBK-målvakta. Rett før pause tok KBK leiinga på nytt etter ein lekker lobb frå Tobias Lysø rett før kvilen.

Vestnes Varfjell kom nære utlikning tidleg i andre omgang då Elling Olafsen var frampå, men headinga vart stoppa av ei refleksredning. Like etter heldt Fredrik Bergslid Varfjell inne i kampen med ei god redning. Det vart etter kvart mykje KBK 2 som styrte spelet mot eit slitent heimelag. Dei skapte nokre sjansar, men ikkje fleire og større enn at det var spenning heilt til siste sekund. Varfjell var nemleg ikkje ufarleg på kontringar. Sissoko fann innbyttar Jarle Løvik Salte framom mål, men skotet gjekk rett på keeper. Siste sjanse til poeng kom ved Brudeseth som skaut like utanfor.

Trenar Connor meinte laget hans var best i delar av kampen og hadde fortent poeng. Kollega Kurt Mørkøre i KBK gav følgande skryt til Tidens Krav etter kampen: Nei, det var en kamp hvor vi egentlig hadde hver vår omgang. Vestnes var gode, veldig gode, - og de hadde første omgangen. Andre omgang var KBKs, da styrte vi kampen.

Neste kamp er borte mot Eidsvåg, eit lag som står utan poeng. Eidsvåg-trenar Brakstad var på tribuna fredag - dei har berre sju poeng opp til sikker plass, og er absolutt ikkje ein motstandar å ta lett på.

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Kristiansund BK 2 1-2 (1-2)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 18. august 2017 kl 19

Vestnes idrettspark - 90 tilskuarar

Mål:

0-1 (12) Tor Erik Torske

1-1 (20) Markus Brudseth

1-2 (45) Tobias Lysø

Dommar: Anders Skorpen-Trøen, Malmefjorden

Ingen kort

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Sivert Nerheim, Liam Connor, Magnus Nerheim - Vegar Skare (Jonas Lervik 82.), Elling Olafsen (Yngve Solevågseide 80.), Ole-Gunnar Kjærstad - David Sissoko, Markus Brudseth (Christian Enger 87.), Tommy Kanishi Andreassen (Jarle Løvik Salte 69.)

Add a comment
 
Serieleiaren på besøk - med Hoseth?
fredag 18. august 2017 07:44

KBK 2 er gjestar i Parken i kveld. Reservene til eliteserielaget satsar hardt på opprykk og det er alltid spennande å sjå kor mange frå a-stallen som dukkar opp. Magne Hoseth vart klar for klubben på siste dag av overgangsvinduet. Veteranen treng kamptrening. Dukkar MFK-legenda opp i kveld? Den som møter opp får sjå. Kampstart 19.00. Siste: I den (foreløpige?) troppen på fotball.no er ikkje Hoseth med. Derimot tre andre veteranar, alle med godt over 100 a-kampar for KBK: Tor Erik Torske, Erlend Sivertsen og Andreas Rødsand.

Add a comment
 
Olafsen med hattrick då AK vart slått
laurdag 12. august 2017 14:33

Vestnes Varfjell starta haustsesongen med å slå AK 4-2. Elling Olafsen 3 og Magnus Nerheim på straffe var målskårarar. Ein god arbeidsseier der det endeleg bikka rett veg.

Video i VarfjellTV | AK om kampen | Tidens Krav om kampen

11 minutt var spelt då Elling Olafsen utnytta ei svak avklaring frå AK og sendte ballen i boge over keeper og i mål. Karl Arne Stokkeland skaut utanfor frå kloss hald medan Markus Brudseth trefte tverrliggaren i ein førsteomgang der spelet bølga fram og tilbake. AK brukte berrre 24 sekund av andre omgang til å komme ajour. Ei feilpasning vart snappa opp og toppskårar Christoffer Folland vart spelt igjennom før han plasserte ballen mellom keeper og stolpen. Fem minutt etter var heimelaget på nytt i leiinga. Tommy Kanishi sette opp Olafsen som tok eit steg til sida før han plasserte skotet forbi keeper og inn via stolperota. AK hadde ein stor sjanse der eit skot vart blåst over frå bakre stolpe, før Olafsen fullførte sitt hattrick til leiing 3-1. Spissen forfølgde eit langt utspark frå keeper Fredrik Bergslid, heada ballen ned til sjølv før han vann duellen med AK-stopparen og sette ballen mellom beina på keeper og i mål. Klasse! Dessverre slo AK raskt tilbake. Ein ball vart heada uheldig bakover frå ein Varfjell-forsvarar. Der dukka Folland opp og lurte ballen forbi keeper frå nesten død vinkel.  Dermed ny spenning dei siste ti minutta. Gjestane frå Nordmøre pressa på, men greide ikkje så skape dei heilt store sjansane. I motsatt ende var Varfjell farleg på kontringar. På overtid spelte Kanishi innbyttar Justin Sætre igjennom. Han vart felt av AK-målvakta. Dermed straffespark som Magnus Nerheim sette inn til sluttresultatet 4-2.

Olafsen sjølvsagt "man of the match" med tre utsøkte skåringar, men dette var først og fremst ein skikkeleg lagseier. Tre poeng var kjærkomne no etter ein litt mager periode på slutten av vårsesongen. Ole-Gunnar Kjærstad var tilbake og viste seg som eit bra tilskot på dei minutta han fekk.

Neste kamp er også på heimebane, den fjerde på rad sidan kampen mot AK var "snudd". Topplaget KBK 2 gjestar Vestnes idrettspark fredag klokka 19.

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Averøykameratene 4-2 (1-0)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Laurdag 12. august 2017 kl 14.30

Vestnes idrettspark, 40 tilskuarar

Mål:

1-0 (12) Elling Olafsen

1-1 (46) Christoffer Folland

2-1 (50) Olafsen

3-1 (81) Olafsen

3-2 (83) Folland

4-2 (90+2) Magnus Nerheim, straffespark

Dommar: Martin Sørensen Kristiansen, Nordlandet

Gult kort: Amund Stavem, to til AK

Vestnes Varfjell (4-3-3): Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Sivert Nerheim, Liam Connor, Magnus Nerheim - Vegar Skare, Karl Arne Stokkeland (Ole-Gunnar Kjærstad 62.), Markus Brudseth (Jarle Løvik Salte 82.) - Amund Stavem (Adrian Liabø 90.), Elling Olafsen (Justin Sætre 82.), Tommy Kanishi Andreassen

Add a comment
 
Ferien over, møter AK laurdag
fredag 11. august 2017 08:21

Sommerferien i 4. divisjon er over og A-laget tek imot Averøykameratene laurdag. NB: ampstart er flytta til kl 14.30, ei flott oppvarming til Molde-Rosenborg seinare på kvelden.

Add a comment
 
Gullet glapp på overtid
fredag 04. august 2017 07:56

Vestnes Varfjell G 13 hadde sjølvaste AC  Milan i kne i Norway cup-finalen, men måtte til slutt gje tapt på golden goal. Italienarane skåra tidleg i andre ekstreomgang. Det sto 0-0 ved pause, før Vestnes Varfjell starta andre omgang med to store sjansar. Så sette laget in 1-0 ved Eirik Tomren, det første målet Milan slapp inn i turneringa. Dessverre greide Milan å utlikne og det måtte spelast ekstraomgangar. Der skåra altså laget frå Milan først. Uansett: Gratulerer med sølv og tidenes innsats av eit Vestnes Varfjell-lag i Norway cup. Opptak frå kampen ligg på facebook. (2. omgang og avgjørelsen her). Norway cup sitt opptak her. Foto: Tor Morten Salte. Det blir også innslag frå kampen på TV2 i kveld kl 19 etter det me forstår. Sjå innslag om Milan-laget her.

Add a comment
 
« StartFørre12345678910NesteSiste »

Side 2 av 243

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Våre sponsorar

Nyeste kommentarer