Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Bruhagen stadion fre., 28. apr. 2017 18:00
Averøykameratene
AK
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
fre., 21. apr. 2017 19:00
Eide
Eide
2-2 Vestnes Varfjell
Varfjell

Resultater

Tabellen

# Team K Mål P
1 KFK 1 11 3
2 Sunndal 1 6 3
3 AK 1 4 3
4 KBK 2 1 4 3
5 Surnad. 1 1 3
6 Eide 1 0 1
6 Varfjell 1 0 1
8 Frei 1 -1 0
9 Eidsvåg 1 -4 0
10 Tomref 1 -4 0
11 Træff2 1 -6 0
12 Elnesv. 1 -11 0

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
7 lag frå kvar krets i ny 4. divisjon?
tysdag 02. februar 2016 10:37

Sunnmørsposten skriv tirsdag om forslaget til ny seriestruktur med fokus på den foreslåtte fylkesserie  I 4. divisjon frå 2017. Spørsmålet avisa reiser er korleis dette skal organiserast. Bjørn Oskar Haukeberg i Sunnmøre fotballkrets seier til avisa at det blir opp til kretsene sjølve å bestemme dette. – Da det ble nytt opplegg i 3. divisjon sist var det like mange lag fra begge kretsene, så det er kanskje naturlig at det skjer igjen, seier Haukeberg til Sunnmørsposten. Det kan bety at det blir lettare å kvalifisere seg frå 4. divisjon Nordmøre/Romadal sidan kretsen berre har tre lag som kan komme ned frå 3. divisjon mot sju på Sunnmøre. I eit tenkt tilfelle der berre eitt av laga frå Nordmøre/Romsdal ikkje blir mellom dei fem beste i årets 3. divisjon, vil 6. plass vere nok til å bli med i ny 4. divisjon. Samtidig vil ei lik fordeling på dei to kretsane gje ei meir rettferdig reisebelastning på laga og kanskje auke oppslutninga for den nye serien? To lag skal rykke den frå ny 4. divisjon, noko som inneber at berre vinnarlaga i 5. divisjon Sunnmøre og Nordmøre/Romsdal rykker opp. Talet på nedrykkslag vil auke om meir enn eitt lag frå Møre og Romsdal rykker ned frå ny regional 3. divisjon og minke til eitt om ingen lag rykker ned.

Add a comment
 
Foreslår fylkesserie i 4. divisjon frå 2017
laurdag 30. januar 2016 20:58

Det går mot massenedrykk frå både 2., 3. og 4. divisjon dersom forslaget til nytt seriesystem blir vedtatt på fotballtinget 27.-28. februar. Forslaget går i korte trekk ut på at det blir oppretta ein ny 2. divisjon med berre to avdelingar, under der skal det vere 6 regionale avdelingar i 3. divisjon, altså ei halvvering i høve til dagens ordning. I 4. divisjon blir det 18 avdelingar med 14 lag i kvar. I det som har lekt ut til no har det vore snakk om "kretsseriar" på niva 5, altså 4. divisjon. Dette har også gått opp med talet på kretsar (18), men no er det klart at forslaget inneber at Nordmøre og Romsdal blir slått saman med Sunnmøre fordi det skal vere to avdelingar i Oslo, Trøndelag, Rogaland og Hordaland/Sogn og Fjordane. Det står også at det har komme innspel om fleire avdelingar i 4. divisjon for å hindre auka reisebelastning på dette nivået, men at talet 18 er valt fordi det då gir opprykk utan kvalifisering gjennom heile divisjonspyramiden. Korleis den nye fylkesserien skal setjast saman blir avgjort etter plassering i 3. og 4. divisjon i 2016. I den nye 3. divisjonen blir det plass berre til dei fire beste pluss dei åtte beste 5-arlaga i dei 10 avdelingane i Sør-Norge. 3. divisjon har i dag 10 lag frå fylket, 7 frå Sunnmøre og 3 frå Nordmøre/Romsdal (resterande fire lag i avdelinga er frå Sogn og Fjordane). Dersom me tek utgangspunkt i at seks av desse laga rykker ned, blir det berre plass til dei fire beste i 4. divisjon Nordmøre/Romsdal og 4. divisjon Sunnmøre. Ingen lag skal kunne rykke opp halvanna nivå slik det vart gjort då vinnarane av gamle 4. divisjon fekk plass då noverande 3. divisjon vart innført i 2010. Me tar då for gitt at det same vil gjelde opprykk frå 5. divisjon til den nye 4. divisjonen, viss ikkje blir det endå færre av dagens 4.-divisjonslag som får plass. LES MEIR OM TINGFORSLAGET HER. Der står det også at høyringane viser stor oppslutning om forslaget, medan andre skriv at det møter motbør. Truleg er det delte meiningar også mellom laga i 4. divisjon her i fylket. Kanskje er det ikkje utelukka at fylket kan halde fram med to avdelingar i 4. divisjon der vinnarane møtest for å gjere opp om den eine opprykksplassen, slik det var i 3. divisjon før 2010?

Add a comment
 
4. divisjon: Nye trenarar på plass
tysdag 26. januar 2016 20:52

To av våre divisjonskollegaer har fått på plass trenarløysingar. I Sunndal tar Torgeir Ruud Ra,sli over. Han gir seg samtidig som spelar. Les meir i Driva. Elensvågen har tilsett Ralf Nedrebø som ny hovedtrenar etter Kurt Mørkøre som skal trene KBK 2. Elnesvågen skriv også på Twitter at dei ønskjer torsdag som kampdag, men at det har vore lunken respons frå dei andre laga. Ellers skriv Bryns nettsider, at Lars Birger Flemmen frå Træff blir ny trenar i Bud, medan Arnt Roar Gravem held fram i Malmefjorden/Ekko/Aureosen. Laget frå søre Fræna, som rykka opp i 5. divisjon i fjor, er Vestnes Varfjells første treningskampmotstandar i vinter.

Tek også med siste nytt frå overgangsvindauget: Tidlegare Tomrefjord og Vestnes Varfjell-spelar Cato Andreassen (47) har skrive under for Fiksdal/Rekdal. Veteranen melder på Facebook at dette blir siste gong han skiftar klubb i karrieren.

Add a comment
 
Opnar mot seriefavoritt, så lokaloppgjer
torsdag 14. januar 2016 11:29

Vestnes Varfjell får ein tøf start på årets 4. divisjon. Laget opnar heime mot ein av seriefavorittane, Sunndal. Alt i andre runde blir det første av lokaloppgjera mot Tomrefjord spelt. Så ventar enno eit lokaloppgjer, borte mot Åndalsnes. Seriestarten i 4. divisjon blir i år fredag 15. april, siste runde blir spelt 16. oktober, då skal Vestnes Varfjell ta imot Averøykameratene. HEILE FORSLAGET TIL TERMINLISTE FINN DU HER

Add a comment
 
Tre spelarar på kretslag
søndag 10. januar 2016 15:49

Håkon Kjørvik (G2000) og David Sissko og Daniel Gravdehaug (G2002) er alle tatt ut til kretslagssamlingar. Heile troppene og meir om samlingane her: 

Add a comment
 
130.000 kroner frå grasrotandelen
fredag 08. januar 2016 07:38

Også i 2015 var tipparane rause med Vestnes Varfjell. Dei 226 som har registrert klubben som mottakar av grasrotandelen bidrog med 129.537 kroner i klubbkassa, viser oversikten frå Norsk Tipping. Takk til alle! Husk å registrere Vestnes Varfjell som din klubb om du ikkje alt har gjort det. Info om dette finn du her. Vestnes Varfjell får også desidert mest av klubbane i Vestnes, fulgt av Fiksdal/Rekdal BK (90.199 kr) og Tomrefjord IL (83.298 kr). Rbnett har overikt over utbetalingane her.

Add a comment
 
KRJT: Eirik Hestad & co til topps
laurdag 26. desember 2015 14:05

Eirik Hestad Returns gjekk til topps i den 28. utgåva av Kjetil Rekdals Juleturnering i Vestneshallen andre juledag. Laget med MFK-stjerna i spissen slo Søre Luten frå Midsund 2-0 i finalen. Med på laget var også MFK-spiss og årets talent i norsk fotball, Sander Svendsen og Marseille-proff Eirik Haugan. De andre på vinnerlaget var Sivert Viken Beinset, Eskild Rønningen, Andreas Hollingen og fiksdalingen Simon Tomren. Los Galacticos slo FC Haus 2-1 i bronsefinalen. Heimefavorittane frå Vestnes futsal rauk ut i kvartfinalen. - Det var mye bra motstand å bryne seg på i år. Samtidig som innendørslaget jeg spiller på har blitt bedre i futsal, har også motstanderne blitt bedre, men det var sabla gøy å vinne her i dag,sa Sander Svendsen til  Romsdals Budstikke etter at pokalen var sikra. BILDEGALLERI | VIDEOAR KJEM HER. Foto: Asbjørn Vik.  Alle resultat under:

 

Add a comment
Les meir…
 
God jul til alle!
onsdag 23. desember 2015 19:51

varfjell.no ønskjer alle sine trufaste lesarar ei god jul. Husk Kjetil Rekdals juleturerning andre juledag. Det blir kampar i Vestneshallen frå klokka 10. Finalen blir spelt klokka 14.15. Gå ikkje glipp av MFKs Eirik Hestad, Bernt Hulsker og dei andre stjernene. Sjå kampoppsett lenger nede på sida.

Add a comment
 
Tre nye spelarar har signert
onsdag 23. desember 2015 19:34

Vegard Ellingseter og Sander Valde kjem frå spel for Fiksdal/Rekdal, mendan Christian Mario Leikarnes kjem frå Ekholt Ballklubb. Leikarnes (16 kampar 1 mål) og Valde (22 kampar, 1 mål) vender tilbake til moderklubben. Valde speler helst i forsvar, medan Leikarnes mest har vore nytta framover på bana Også Ellingseter (30 kampar 6 mål), som er ein teknisk god og målfarleg midtbanespelar, har spelt for Vestnes Varfjell tidlegare. I år var han kåra til "årets poengsamlar" i Fiksdal/Rekdal, det vil seie den spelaren som hadde flest skåringar og målgjevande. Fotballleiar Knut Øyvind Hoem er godt fornøgd med nysigneringane. Vestnes Varfjell-stallen trengte påfyll etter at mellom andre kaptein Ole Gunar Kjærstad (NTNUI) og Marius Ulla (Volda) forsvann til studiar i haust.

Add a comment
 
KRJT: Puljer og kampoppsett
måndag 21. desember 2015 19:01
Kjetil Rekdals juleturnering 2. juledag i Vestneshallen.
Pulje A:
Vestnes futsal, Eirik Hestad Returns, Underdogs og Vikebukt futsal
Pulje B:
FC Haus, Los Galacticos, Søre Luton og O.K Babben
Kampoppsett under:
Les meir…
 
KRJT: Hulsker kommer med sitt O. K. Rabben
måndag 14. desember 2015 20:01

Da er O. K. Rabben påmeldt til Kjetil Rekdals juleturerning. Dermed blir det gjensyn med Bernt Hulsker i Vestnehallen. Den gamle spisskjempen skriver på twitter at han har øvd inn ny finte for anledningen, slik at det bare er for publikum å fylle opp hallen 2. juledag. O. K . Rabben har tidligere bestått av tidligere lagkamerater fra Vestnes ispedd en og annen halvkjendis. 

Add a comment
 
KRJT: Eirik Hestad kommer, meld på ditt lag her
fredag 11. desember 2015 18:41

26. desember (2. juledag) er det klart for den 28. utgaven av Kjetil Rekdals juleturnering i Vestneshallen for menn. Vi satser som tidligere år på en kompakt innendørsturnering med maks 16 lag. Det spilles innledningsvis normalt i puljer à 4 lag. De to beste lagene i hver pulje går videre til sluttspill. Sluttspillet er ren cup. Om det er tre puljer, går de to beste lagene i hver pulje og de to beste treerne videre til sluttspill. Det vil bli premiering av de to beste lagene, samt en utmerkelse til turneringens toppscorer. Premieringen finner sted umiddelbart etter finalen. Alle kamper spilles i 12 minutter. Unntaket er finale som spilles 2 x 8 minutter. Vi bruker futsalball.


Det er en avgift på 150 kr per spiller, samt en lagsavgift på 400 kr.

Disse lagene har allerede bekreftet sin ankomst: Eirik Hestad Returns, Vestnes futsal, Multikulturell, Søre Luton, FC Haus, Vikebukt futsal, Los Galácticos.

Mvh
Knut Øyvind Hoem, VVIL
Tlf: 48272458
E-post:  Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa
Add a comment
 
Adelskalenderen: Connor og Solevågseide avanserer
tysdag 08. desember 2015 20:08

Adelskalenderen over spelte serie- og NM-kampar for A-lager er oppdatert. Her ser me at Alexander Connor har passert Roger Valldal og inntatt 4.-plassen med sine 296 kampar. Connor spelte i år fleire kampar enn på mange sesongar, men må altså spele ein sesong til for å passere 300 kampar. Også Yngve Solevågseide avanserer i toppen og er no likt med Bjørn-Vegard Løvik på 6. plass. Spelarane som passerte runde kamptal vart heidra på årsfesten. Det var Ørjan Tangen, passert 150 kampar; Magnus Nerheim, Svein Erik Lange Male og Thomas André Brastad passert 100 kampar og Ole Gunnar Kjærstad og Sivert Nerheim, passert 50 kampar.  SJÅ HEILE ADELSKALENDEREN HER (dagens aktive har plasseringsnr frå 2014)

Add a comment
 
Nytt innbrot i klubbhuset
tysdag 08. desember 2015 18:51

Igjen har vandalar vore på ferde og brote seg inn i klubbhuset i Vestnes idrettspark. Lite eller ingenting er tatt, men eit toalett er knust slik at det har komme vatn på golvet. NRK Møre og Romsdal har snakka med Alexander Connor og Knut Øyvind Hoem som begge er lei av hærverket. Politiet har oppretta sak og ber om tips på telefonnummer 02800. Også i sommar var det innbrot i klubbhuset, og nyleg varti ein mann frå Ålesund dømt ifølge Bygdebladet.

Add a comment
 
« StartFørre12345678910NesteSiste »

Side 10 av 240

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Våre sponsorar

Nyeste kommentarer