Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Sande stadion laur., 14. okt. 2017 15:00
Sunndal
Sunndal
4-5 Vestnes Varfjell
Varfjell

Bane: Eidsvåg stadion tys., 10. okt. 2017 18:30
Eidsvåg
Eidsvåg
0-8 Referat
Vestnes Varfjell
Varfjell

Bane: Vestnes Idrettspark søn., 08. okt. 2017 15:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
4-2 Referat
Surnadal
Surnad.

Tabellen

# Team K Mål P
1 KBK 2 22 82 60
2 KFK 22 81 50
3 Sunndal 22 41 46
4 Surnad. 22 11 40
5 Tomref 22 19 38
6 AK 22 18 37
7 Eide 22 17 35
8 Varfjell 22 4 34
9 Træff2 22 -40 16
10 Frei 22 -51 14
11 Elnesv. 22 -70 13
12 Eidsvåg 22 -112 1

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Tapte stort mot god motstand
måndag 29. august 2016 19:04

Vestnes Varfjell fekk det som venta tøft i bortemøtet med eit sterkt besatt KBK 2-lag måndag kveld, og måtte dra frå Kristiansund stadion med 0-8 i bagasjen.  Vestnes Varfjell heldt stand i ein omgang etter at vertane tok leiinga 1-0 tidleg. - Me produserte lite i første omgang, men var flinke til å forsvare oss. Etter pause hadde me tre store sjansar, men me var ikkje heldige samt at dei hadde ein god keeper. Dessverre får me sju i "sekken" mot det beste laveste me har møtt i år, seier Knut Øyvind Hoem, som leia laget medan Alxeande Connor var opptatt med G 16. 8-0 er for øvrig same resultat som i vårkampen på Vestnes. Ei rekke spelarar med erfaring frå Obos-ligaen og Tiippeligaen var i lagoppstillinga til heimelaget, mellom dei MFK-utleigde Thompson Ekpe, Pål Erik Ulvestad, Andreas Rødsand, Joakim Bjerkås og Sondre Sørli, som seinast søndag skåra to mål for KBK borte mot Levanger i 1. divisjon. Han skåra også eitt av måla måndag, dei andre vart sett inn av Jonas Grønset (2), Joakim Bjerkås, Tobias Franzen, Ådne Bruseth og Andreas Rødsand (2). Vestnes Varfjell måtte dra nordover med liten tropp grunna kampkollisjon med G16 som møtte Træff borte i 1. divisjon måndag (tapte 1-5, mål David Sissko). Justin Sætre var einaste innbyttar - med brukket finger!  Neste kamp er heime mot eit anna topplag, Eide, fredag.

Laget: Gabrielsen, Liabø, Male, S Nerdheim, Hoem - Ahmadi, Solevågseide (Sætre 79.), Skare, M Nerheim - Stavem, Olafsen. Gult kort: Svein Erik Lange Male. Dommar: Eirik Hyldbakk Furu, CFK

Add a comment
 
Årets første seier og Olafsen-hattrick
fredag 19. august 2016 21:15

Vestnes Varfjell - Åndalsnes 5-0 (2-0). Sjå bildegalleri frå kampen her Endeleg! På 14. forsøk lukkast det endeleg for Vestnes Varfjell å vinne ein kamp i årets 4. divisjon. Etter 5-0 mot botnrival Åndalsnes heng laget med i kampen om å unngå dei to siste plassane som gir direkte nedrykk slik det ser ut no med både Surnadal og KFK på nedrykksplass i 3. divisjon. Vestnes Varfjell fekk ein knallstart på kampen. Alt etter fem minutt låg ballen i notat etter at Justin Sætre skåra sitt første mål på A-laget då han sendte ballen i boge over ÅIF-målvakta frå 35 meter. Gjestane tok litt over etter dette, utan å skape dei store sjansane. I andren enden vart Amund Stavem  hindre av ÅIF-keeperen, medan dagens kaptein Svein Erik Lange Male heada over på ein corner. 2-0 kom ti minutt før pause etter eit vakkert angrep der Amund Stavem fann Elling Olfasen framom mål. Spissen sette ballen forbi keeper. ÅIF har ikkje skåra eitt einaste mål på bortebane i år, men etter 43 minutt kom dei så nærme som det er råd å bryte den statistikken. Først gjekk ballen i stolpen før den hamna i retur hos ein ÅIF-spelar som sette ballen over frå fem meter.

 

Etter pause hadde heimelaget stort seg kontroll. Magnus Nerheim rakk ikkje kampstart grunna arbeid, men etter 52 minutt fekk han vist seg fram. ÅIF-målvakta var ute og hindra skåring. 70 minutt var spelt då Amund Stavem fann Juan Larsen framom mål, men skotet gjekk utanfor. Larsen sette det som må vere rekord i talet på innbytte, då han vart bytta innpå ikkje mindre enn tre gongar i kampen! 3-0 kom då Elling Olafsen tredde ballen igjennom til Sivert Nerheim som avslutta med skot forbi keeper. Ti minutt før slutt heada Olafsen inn 4-0 etter innlegg frå Stavem. Så skaut Olafsen like utanfor via eit ÅIF-bein. ÅIF hadde også sine sjansar, men Varfjell-forsvaret fekk rydda unna i siste liten og hindre redsusering. Tre minutt før slutt heada Magnus Nerheim utanfor etter innlegg frå Olafsen. På overtid var Olafsen på plass igjen og fullførte sitt hattrick med eit skot forbi keeper. Dermed kunne me høyre seiersbrølet frå heimegarderoben for første gong i år.

 

 

Tremålsskårar Olafsen var på toppen av Afrikas høgaste fjell Kilimanjaro (5895 moh) i sommar, og høgdeopphaldet ser ut til å ha gjort godt. Også Amund Stavem, denne gongen i rolla som servitør, nærmar seg god form. Vegar Skare og Justin Sætre viste seg som dei gode forsterkingane dei var venta å vere, medan både Nirut Mjøs i midtforsvaret og den unge backen Håkon Kjørvik var solide. Med Adrian Gabrielsen borte, var det igjen Fredrik Bergslid som vokta buret. Kretslagskeeperen bidrog til at laget heldt nullen for første gong i år. 14-åringen er ein offensiv keepertype som ikkje er redd for å gå ut i feltet og bruke beina, og rydda også opp etter seg dei gongane han ikkje tima like godt. KBK 2 borte neste måndag er neste kamp. Sjå bildegalleri frå kampen her

 

Kampfakta

1-0 (5) Justin Sætre

2-0 (35) Elling Olafsen

3-0 (72) Sivert Nerheim

4-0 (81) Olafsen

5-0 (90) Olafsen

Laget: Fredrik Bergslid; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male (k), Nirut Mjøs, Justin Sætre - Juan Larsen (Magnus Nerheim 40. (Juan Larsen 89.)), Vegar Skare, Sivert Nerheim - Amund Stavem (Jarle Løvik Salte 86.), Elling Olafsen, Azim Ahmadi (Juan Larsen 46. (Adrian Liabø 86.))

 

Dommar: Johannes Remøy, Rival, ass.dommarar: Henning Sunde, MFK og Kur-Einar Ansnes, Kvass/Ulvungen

Gult kort: Eitt til ÅIF

45 tilskuarar

Add a comment
 
Møter Åndalsnes fredag kl 19
torsdag 18. august 2016 21:30

Hausesongens første heimekamp i 4. divisjon blir eit skikkeleg botnoppgjer. Åndalsnes er med sine seks poeng eitt av laga Vestnes Varfjell nok må ha bak seg om plassen i divisjonen skal bergast. Laget har trent godt i sommar og også blitt forsterka med Vegar Skare og Justin Sætre. Sjølv om det vart tap mot Tomrefjord sist, var det likevel mykje positivt å ta med seg inn i haustsesongen. Gjestane har fått ny trenar i Kim Hugo Nyheim med Erik Brekken og Geir Chirster Nygård som medhjelparar. Les meir i Åndalsnes Avis Møt opp og hei heimelaget fram til årets første seier!

Add a comment
 
Tapte i regnkamp mot Tomrefjord
fredag 12. august 2016 19:27

Vått også i pausen uten garderobe å trekke inn i. Foto: Asbjørn Vik Vestnes Varfjell var ute etter å revansjere 0-7-tapet frå i vår, men tapte igjen for naboen då dei gjesta søkkvåte Tomrefjord stadion fredag kveld. Til slutt sto det 5-1 etter 3-1 ved pause. Fortent seier naturlegvis, men Vestnes Varfjell hang betre med enn det sluttresultatet viser. Etter ei mållaus innleiing på kampen tok heimelaget leiinga med to kjappe mål midtvegs i første omgang. Elling Olafsen reduserte ein gong på straffespark. Tomrefjord var einaste lag som skåra i andre omgang, der siste skåringa kom på overtid. Vertane brente også eit straffespark i kampen. Åndalsnes heime er neste kamp. VarfjellTV: Sjå heile kampen Foto/video: Asbjørn Vik | Kampfakta

 

Add a comment
Les meir…
 
Startar haustsesongen med lokalderby
fredag 12. august 2016 09:13

Ferien er over. I kveld startar jakta på nye poeng. Med berre eitt einsleg poeng på heile vårsesongen står Vestnes Varfjell framom ei stor oppgåve om plassen i 4. divisjon skal bergast. Truleg må minst to lag passerast, og opp til Tingvoll (2 poeng) og Åndalsnes (6 poeng) er avstanden enno innan rekkevidde. Tomrefjord borte er første hinder. Vestnes Varfjell har 0-7-tapet frå vårkampen å revansjere, første serietap for naboen sidan 1990. Trenar Alexander Connor seie til Bygdebladet at ein revansj hadde smakt, men at det ikkje blir lett. -  håper å ha retta på ein del ting i løpet av sommaren, og har også fått gode forsterkningar i Vegar Skare og Justin Sætre, seier Connor til avisa. Tomrefjord-trenar Gunnar Eik trur og håpar på ein jamnare kamp enno vår. - Sjølv om Vestnes Varfjell treng alle poeng dei kan få, skal dei ikkje få det lett, lovar han. Tomrefjord slo dåverande serieleiar Sunndal rett før ferien og finpussa forma med å slå leiarlaget på Sunnmøre, Langevåg, heile 6-1 på bortebane sist helg.

Add a comment
 
Skare og Sætre tilbake i Varfjell!
tysdag 26. juli 2016 09:55

Vegar Skare signerte måndag papira som gjer han til Vestnes Varfjell-spelar att. Han har dei siste sesongane spelt for Brattvåg som no spelar i 2. divisjon. Skare er ein hardtarbeidande og treningsvillig spelar. I Brattvåg vart han brukt på fleire plassar, mest som back, men i Vestnes Varfjell vil han utgjere ei solid forsterking av midtbana. Både sportsleg leiar Knut Øyvind Hoem og trenar Alexander Connor er svært tilfreds med å få Vegar tilbake. Også andre klubbar viste interesse for vikebuktingen. Også Justin Sætre er tilbake i marineblått. Han har sist spelt for Grand Bodø. I sommar har laget også fått heim studentane Ole Gunnar Kjærstad og Ole Håkon Heen Lien. Med desse på plass ser det litt lysare ut. Med berre eitt poeng etter vårsesongen har laget uansett ein stor jobb framom seg om plassen skal bergast. Lokaloppgjera mot Tomrebord borte og Åndalsnes heime er første kampar etter ferien.

Add a comment
 
Vestnes Varfjell-spelarar tok bronse på Lerkendal
laurdag 09. juli 2016 14:09

Gratulerer til David Sissoko og Daniel Gravdehaug frå Vestnes Varfjell som var med på MFK/kretslaget som tok bronse i den nasjonale turneringa for G14-lag i Trondheim. Sissiko skåra ett av måla då Lillestrøm vart slått 3-0 i bronsefinalen på Lerkendal stadion laurdag. Meir på kretsens facebooksider.

Add a comment
 
Tok ferie med nytt tap
laurdag 02. juli 2016 22:08

Vestnes Varfjell tok ferie i 4. divisjon med å tape 1-6 borte mot Averøykameratene laurdag. Eit veldig redusert Varfjell-lag heldt stand i 20 minutt før det første målet kom. Eit straffespark og eit frispark som burde vore avverga sørga for at AK leia 3-0 ved pause. AK skåra like mange mål etter pause då dei etter kvart fekk lettare spel. Samtidig var Varfjell oftare i angrep i denne omgangen. Reduseringsmålet kom på eit vakkert frispark som Svein Erik Lange Male skrudde opp i krysset frå 17 meter. Begge trenarane måtte spele etter mange forfall til denne kampen. Knut Øyvind Hoem spelte frå start medan Alexander Connor bytta seg sjøl innpå mot slutten. Dermed vart det også ein far og ein son på bana samtidig (bildet) etter at Liam vart bytta inn nokre minutt tidlegare. Ole Håkon Heen Lien sesongdebuterte også. Elverum-studenten gjorde ein god kamp i midtforsvaret. Nirut Mjøs starta som einsleg spiss etter at dei vanlege spissvalga, Stavem og Olafsen, ikkje var med. Laget: Gabrielsen, Løvik Salte, Male, Lien (A Connor 84.), Hoem (L Connor 65.) - Larsen, M Nerheim, Solevågseide (Hoem 86.), S Nerheim, Ahmadi - Mjøs

 

Add a comment
 
Går for bygging av klubbhus
onsdag 29. juni 2016 21:44

Styreleder Joar Kirkeslett kom onsdag kveld med denne gladmeldingen på Facebook: "Styret i VVIL gjorde i kveld vedtak om å iverksette plan om bygging av nytt klubbhus på stadion!

 

I vedtaket ligger også en plan om å se på muligheten for å oppføre en flerbrukshall! Spennende tider vi går i møte for idretten i Vestnes!" LES MEIR OM PROSJEKTET HER

Add a comment
 
Eidsvåg vart for sterke
fredag 24. juni 2016 20:23

Vestnes Varfjell greide heller ikkje å ta poeng i siste heimekamp før ferien. Eidsvåg var best i begge endar av banen og kunne reise heim med 6-1-seier. Sivert Nerheim reduserte for Vestnes Varfjell seint i andre omgang etter at laget hadde misbrukt ei rekke store sjansar. Første omgang var lenge jamn og sjansefattig, men Eidsvåg var nådelause då dei endeleg fekk sjansen. Det sto 0-3 ved halv tid. Gjestana auka til 5-0 før Varfjell reduserte. Kampen jamna seg ut då Eidsvåg bytta ut halve laget, men det vart med den eine reduseringa. 6-1 kom på overtid. Eidsvåg vann på betre fysikk og at dei var mykje flinkare framføre mål. Fleire av måla kom etter fine kombinasjonar der Varfjell-forsvaret ikkje greide å henge med. SJÅ BILDA FRÅ KAMPEN HER

 

Laget: Gabrielsen: Liabø (Eik 67), Mjøs, Lange Male, Kjørvik - Larsen (Lervik 84), Kjærstad (Larsen 90.), Solevågseide, S Nerheim, M Nerheim (K) - Olafsen (Connor 84.)

Dommar: Modolf Holm, Isfjorden. Ingen kort

40 tilskuarar

 

Frå notatblokka:

0-1, 19 min. Ein Eidsvåg-spelar spring frå Varfjell-forsvaret og kan sette inn 1-0 med eit skot ute ved stolpen.

0-2, 29 min: Varfjell-forsvaret slit med å få avklart og eit innlegg tilbake frå dørlinja blir sett kontant i mål.

31 min: Skot frå Håkon Kjørvik blir fista over av tidlegare Varfjell-målvakt Alexander Aarø.

38 min: Sivert Nerheim med godt skot like utanfor.

43 min: Eit frispark blir lagt ut til Magnus Nerheim som finn Ole-Gunnar Kjærstad framom mål, men på blank goal går ballen utruleg nok over.

0-3, 44 min: I staden for redusering kontrar Eidsvåg og set inn 3-0 på ei heading.

Pause

51 min: Sivert Nerheim nære på, men keeper ryddar opp.

0-4, 57 min: Innlegg framom mål og enkelt 4-0.

60  min: Elling Olafsen skyt like over.

God redning av Gabrielsen hindrar ny Eidsvåg-skåring.

62 min. Magnus Nerheim finn broder Sivert framom mål, men Aarø reddar.

0-5 67 min: Flott skot i krysset frå 16 meter

78 min: Kjørvik headar rett på keeper frå fin posisjon.

80 min: Olafsen nære på, men igjen reddar Aarø.

83 min, 1-5. Endeleg satt den for Sivert Nerheim som plasserer ballen forbi keeper etter framspel av innbyttar Knut Stian Eik

90 min, 1-6: Eidsvåg avsluttar skåringane for kvelden med å sette inn 6-1 for ope mål på overtid

Add a comment
 
Jamnt, men tap borte mot Frei
fredag 17. juni 2016 18:58

Vestnes Varfjell tapte 2-4 borte mot Frei i ein kamp i 4. divisjon fredag. Det sto 1-1 etter ein jamn førsteomgang. Juan Rikard Larsen utlikna. Frei auka så til 3-1 like etter pause, det første på straffe. Magnus Nerheim reduserte på slutten, men det heldt ikkje til poeng. Ole-Gunnar Kjærstad var tilbake i Varfjell-drakta i denne kampen, men kunne altså ikkje hindre nytt tap. Fire gutespelarar var i aksjon, og Knut Stian Eik fekk sin debut.

Laget: Adrian Gabrielsen - Håkon Kjørvik (Liam Connor 85.)- Adrian Liabø (Jonas Lervik 85.), Svein Erik Lange Male,  Yngve Solevågseide, Sivert Nerheim, Ole-Gunnar Kjærstad,  Magnus Nerheim - Amund Stavem, Juan Rikard Larsen (Knut Stian Eik 70.),  Elling Olafsen.

Gult kort: Elling Olafsen, Amund Stavem

Connor om kampen:

Historia begynner egentlig å gjenta seg: Vi spiller til tider veldig bra offensivt og styrer stort sett kampen i første omgang. Men sliter veldig med uttellingen.
Og det er det nokså typisk at Frei tar ledelsen når vi har så godt kontroll på kampen. Vi utligner fortjent før pause, men andre omgangen starter omtrent med ett tvilsomt straffespark til Frei. Dette endrer inngangen til andre omgangen og gjør at vi må jage med en gang. Vi tar tak i kampen igjen men sliter dessverre i begge boksene og da er det vanskelig å vinne kamper. Løsningen er at vi må få orden på den defensive organiseringen.

Add a comment
 
VarfjellTV: Sjå G16 i kamp mot serieleiaren
tysdag 14. juni 2016 18:36

Vestnes Varfjell G 16 tapte 2-6 heime mot topplaget Clausenengen 1 måndag. Under kan du sjå videosamandrag av alle skåringar og heile kampen. Foto. Asbjørn Vik

Add a comment
 
Måtte ta att fire mål, men sløste bort sjansen til poeng
torsdag 09. juni 2016 20:15

Vestnes Varfjell gjorde det vanskeleg for seg sjølve med å sleppe inn fire i andre del av første omgang då Træff 2 var på besøk torsdag. Effektive moldenserar tok vare på sjansane som også denne gongen delvis vart skapt etter svakt forsvarsspel. Det eine målet kom etter straffespark etter hands på Nirut Mjøs. Amund Stavem reduserte rett før pause, og gav eit lite håp inn i 2. omgang. Dessverre vart det med Elling Olfsen si skåring etter pause. Det mangla ikkje sjansar til å skåre fleire gongar, men Træff 2 heldt unna og drog over fjorden med alle tre poenga. Trenar Alexander Connor var naturleg nok skuffa etter nok eit tap: - Det er utruleg at me taper denne kampen. Mer aleine med keeper 2-3 gongar og har i tillegg ei rekka andre store sjansar. Dessverre vert me nok ein gong hardt straffa for defensive feil. SJÅ BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN HER

Kampen starta jamnt og sjansefatting. Sivert Nerheim skaut over frå kloss hald etter åtte minutt. Træff tok leiinga etter 22 minutt då laget fekk gå altfor lett igjennom Varfjell-forsvaret. 2-0 kom like etter då eit firspark ikkje vart klarert og ein Træff-spelar fekk stå umarkert og sette ballen i mål.  Så kom 3-0 på straffe etter 30 minutt og "katastrofen" var komplett i ein omgang som var heilt jamnspelt. Ikkje nok med det, ein liten svikt i kommunikasjonen mellom keeper og forsvar gav rom for nok ei Træff-skåring etter 42 minutt. I mellomtida hadde heimelaget fore frampå fleire gongar utan å få uttelling: Azim Ahmadi skot over, Elling Olfasen aleine igjennom, men lobb over og Amund Stavem med skot over. Rett før pause kom reduseringa etter eit fint angrep langs høgresida. Sivert Nerheim fann Amund Stavem som skåra frå kloss hald.

Andre omgang starta med at eit forsøk frå Amund Stavem vart rydda unna på Træff-streken før same mann skaut like utanfor etter forarbeid av Azim Ahmadi ti minutt seinare. Så var Elling Olafsen igjennom, men avslutninga gjekk over. Heimelaget måtte vente til 70 minutt før reduseringa kom. Vegard Ellingseter la presist inn framom mål der Elling Olfasen var på rett plass. Åtte minutt seinare hadde Sivert Nerheim sjansen framom mål, men Træff-målvakta fikk ein finger på ballen og hindra skåring. Same mann hadde ein ny kjemepsjanse tre minutt før slutt då han kom heilt aleine med keeper, men igjen fekk målvakta hindra skåring. Mot slutten hadde ogå Svein Erik Lange Male eit skotforsøk, medan Magnus Nerheim avslutta sjanseløseriet då han kom aleine igjennom på overtid.

Vestnes Varfjell-offensiven gav også store rom bakover og Træff var heller ikkje langt unna fleire skåringar i andre omgang. Uansett endte det med nok ein skuffande kveld for eit hardt prøva Vestnes Varfjell-lag. Neste kamp er borte mot Frei.

Kampfakta:

Vestnes Varfjell - Træff 2 2-4 (1-4)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, torsdag 9. juni 2016 kl 19

Vestnes idrettspark, 45 tilskuarar

0-1 (23)

0-2 (25)

0-3 (31) straffespark

0-4 (42)

1-4 (45) Amund Stavem

2-4 (71) Elling Olafsen

Dommar: Modolf Holm. Isfjorden

Gult kort: Nirut Mjøs (43) og Amund Stavem (50)

 

Laget: Adrian Gabrielsen; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Nirut Mjøs, Magnus Nerheim - Sivert Nerheim, Vegard Ellingseter (Jardar Sylte 71.), Elling Olafsen - Jarle Løvik Salte (Yngve Solevågseide 46.), Amund Stavem, Azim Ahmadi

Add a comment
 
Stoppa tapsrekka, men seieren glapp
laurdag 04. juni 2016 17:01

Vestnes Varfjell tok sesongens første poeng då laget spelte 3-3 borte mot Tingvoll i laurdagens botnoppgjer i 4. divisjon. Laget var nære alle tre poenga, men heilt på slutten heada heimelaget inn utlikninga på ein corner. Då hadde to mål av Amund Stavem og eit straffespark frå Elling Olafsen sytt for at Vestnes Varfjell hadde snudd 0-2 til 3-2 i andre omgang. Laget hadde også ein kjempesjanse til 4-2 som ville ha avgjort kampen.  "Sesongens viktigste" skreiv heimelaget om kampen i programmet med håp om at seier ville skaffe laget ei luke ned til Vestnes Varfjell. Tingvoll hadde nok mobilisert betre enn gjestane som kun hadde ein gutespelar på reservebenken. Midstoppar Svein Erik Lange Male leia laget i Alexander Connor sitt fråver. - Det var synd at det glapp på ein corner dei fekk etter at me mistar ballen unødvendig. Samtidig må me vere fornøgd med måten me hevar oss i andre omgang. Honnør også til unggutane som fekk sjansen. Me tek med oss poenget og ser framover. Med tap hadde det vore blytungt, sa Lange Male etter kampen.

 

Vestnes Varfjell starta kampen med eit lite overtak i banespelet, men Tingvoll var farleg på kontringar og tok leiinga 1-0 etter 13 minutt. Varfjell-forsvaret fekk ikkje avklart og eit skot frå 16 meter small i nettaket. 2-0 kom etter 22 minutt då eit innlegg på bakre stolpe vart ekspedert vidare i mål. Vestnes Varfjell var nære redusering då Håkon Kjørvik heada like over etter ein corner, medan Azim Ahmadi sette ballen over etter at han vart spelt fri i bakrommet. Elling Olfsen hadde også nær tråkla seg i skotposisjon, men vart stoppa. Straffe meinte fleire med Varfjell-auge, men dommaren let vere å blåse.

 

2. omgang var berre nokre minutt gammal då Amund Stavem reduserte. Spissen sette inn sitt første mål for sesongen med eit skot frå nesten død vinkel. Same mann utlikna midtvegs i omgangen. Magnus Nerheim sto for forarbeidet der Elling Olafsen først bomma på innlegget før Stavem sette ballen kontant i lengste hjørne. I mellomtida meinte Vegard Ellingseter seg snytt for eit straffespark. Ti minutt før slutt var det ikkje lenger mogleg for dommaren å la vere å dømme. Elling Olafsen vart lagt i bakken og sette sjølv 3-2 forbi keeper. Vestnes Varfjell såg dermed ut til å å gå mot årets første seier, men heilt på slutten fekk Tingvoll igjen for dødball.-styrken sin då eit hjørnespark vart heada kontant i mål.

 

Begge lag hadde trengt seier, men uavgjort var vel rettferdig nok. Kjekt å sjå at Amund Stavem endeleg fekk uttelling. Elles var det god innsats over heile linja. Azim Ahmadi hadde ein god kamp der han dribla Tingvoll-forsvaret trill rundt til tider, medan Magnus Nerheim si løpsstyrke kom til sin rett då han vart flytta fram frå back til midtbane. Neste kamp er heime mot Træff 2 torsdag, då er venteleg også laget forsterka med Ole Gunnar Kjærstad og Justin Sætre.

 

Artig gjensyn også med Eivind Solnørdal (MFK) som hadde full kontroll på linja.

 

Fakta:

Tingvoll - Vestnes Varfjell 3-3 (2-0)

Vorpbukta stadion, 55 tilskuarar

1-0 (13)

2-0 (22)

2-1 (47) Amund Stavem

2-2 (64) Stavem

2-3 (79) Elling Olafsen

3-3 (89)

Dommar: Hans Georg Snekvik, Bøfjord

Gult kort: Eitt til Tingvoll

Vestnes Varfjell (4-3-3): Adrian Gabrielsen; Jarle Løvik Salte, Svein Erik Lange Male, Håkon Kjørvik, Magnus Nerheim - Vegard Ellingseter, Elling Olafsen, Sivert Nerheim - Adrian Liabø, Amund Stavem, Azim Ahmadi. Ubenytta reserve: Jonas Lervik

Add a comment
 
« StartFørre12345678910NesteSiste »

Side 9 av 243

Generalsponsor

3_sbm_logo.jpg

Våre sponsorar

Nyeste kommentarer