Banner

Sesongmeny

Neste kamp
Bane: Tomrefjord stadion laur., 13. aug. 2022 15:00
Tomrefjord
Tomref
--- Forhånds
Vestnes Varfjell
Varfjell

Forrige kamp
Bane: Vestnes Idrettspark fre., 01. jul. 2022 19:00
Vestnes Varfjell
Varfjell
3-1 Midsund
Midsund

Tabellen

4. divisjon Nordmøre/Romsdal 2022

# Team K Mål P
1 Surnad. 11 12 26
2 Sunndal 11 12 24
3 KBK 2 11 26 23
4 Dahle 11 10 20
5 Tomref 11 6 20
6 Eide 11 -5 16
7 Træff2 11 4 13
8 Varfjell 11 0 11
9 Midsund 11 -19 10
10 ÅIF 11 -3 9
11 Malmefj. 11 -25 9
12 KFK 11 -18 7

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Tok ferie med etterlengta seier
fredag 01. juli 2022 20:02

 

 

Vestnes Varfjell - Midsund 3-1 (1-1). Mål av Håvard Nybråten, Adrian Kosinski og Oliver Connor Søreng sikra seier fredag. Laga hadde kvar sin omgang i sommarvarmen i Vestnes idrettspark.

 

VarfjellTV: SJÅ HEILE KAMPEN I OPPTAK

 

BILDEGALLERI HER

 

 

Midsund opna sterkast. Emil Sjøvik vart stoppa av Owen Connor i det han prøvde å runde keeperen, og tok ei tidleg leiing då Elias Rakvåg Vangen fekk stå aleine på ti meter og trille ballen inn ved stolpen med eit skot som kom overraskande. Gjestane lukkast med pasninssepelet og Vestnes Varfjell vart springane mykje imellom i første del av kampen. Laget frå Otrøa hadde også sjansar til å auke leiinga, før heimelaget spelte seg meir inn i kampen. Vestnes Varfjell fekk si utlikning før pause. Elling Olafsen spelte fri Håvard Nybråten på høgrekanten og avslutninga sat kontant i nettaket. Emil Sjøvik var like etterpå frampå for gjestane, men skaut utanfor. 1-1 ved pause.

Trenar Alexander Connor må ha lukkast med pausepraten, for det det var eit meir tent heimelag som entra banen for andre halvdel. Berre fem minutt var spelt då laget var i føringa. Håvard Nybråten snappa ballen frå Midsund-forsvaret og tredde igjennom Adrian Kosinski som avslutta med å sette ballen forbi keeper. Så var Nybråten på farta, men keeper kom ut og redda.

Kvarteret før slutt vart kampen endeleg avgjort då Varfjell fekk frispark på over 25 meter. Oliver Connor Søreng stilte inn frisparkfoten og sendte ballen presist over muren og i mål til 3-1.

 

Midsund hadde også sine forsøk, men målvakt Owen Connor stoppa det som kom. Dermed kunne A-laget ta sommarferie med grillmat og ei lita luke til den verste botnstriden.

 

Neste kamp etter ferien er borte mot nabo Tomrefjord, laurdag 13. august.

 

 

KAMPFAKTA

Vestnes Varfjell - Midsund 3-1 (1-1)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 1. juli 2022 kl 19

Vestnes idrettspark - 100 tilskuarar

Mål:

0-1 (9) Elias Rakvåg Vangen

1-1 (38) Håvard Nybråten

2-1 (50) Adrian Kosinski

3-1 (73) Oliver Connor Søreng

Dommar: Terje Sorthe, Hjelset-Kleive. Assistentdommarar: Atle Engen, Hovdebygda og Kurt Einar Ansnes, Kvass/Ulvungen

Gult kort: Elias Rakvåg Vangen (69) og Arnt Erik Brakstad (73), begge Midsund

Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Connor: Håkon Kjørvik (Juan Richard Larsen 75.), Ørjan Tangen (k), Liam Connor, Lars-Helge Lien - Oliver Connor Søreng (Vegar Skare 76.), Amund Stavem, Tor-Bjarne Løvik Salte (Svein Erik Lange Male 85.)- Håvard Nybråten, Elling Olafsen (Jarle Løvik Salte 81.), Adrian Kosinski (Dag Christian Maier 88.)

 

 

Add a comment
 
Møter Midsund heime fredag klokka 19
torsdag 30. juni 2022 18:04

Vestnes Varfjell avsluttar vårsesongen i 4. divisjon med heimekamp fredag kveld. Midsund er mostandar i Vestnes idrettspark med avspark klokka 19. Etter tre strake eittmåsltap mot tøff motstand på Nordmøre, treng Vestnes Varfjell å komme tilbake på vinnarsporet. Kveldens motstandar ligg to poeng føre oss på tabellen og har vore ein tøff tradisjonelt tøff mostandar. I fjor endte det eine møtet 2-2 i Midsund, medan  laga vann kvar sin kamp i 2019. Oversikt over tidlegare oppgjer her.

 

Møt opp og støtt heimelaget i kampen om viktige poeng!

 

Har du ikkje sjanse til å møte, blir det direktesening av kampen på Youtube ved Asbjørn Vika via denne lenka.

Add a comment
 
Straffespark gav nytt bortetap mot topplag
laurdag 25. juni 2022 12:55

(Surnadal - Vestnes Varfjell 2-1) Vestnes Varfjell gjekk på sitt tredje strake eittmålstap då laget igjen dro til Nordmøre for å møte eit av topplaga i årets 4. divisjon, den nye serieleiaren Surnadal. Som mot Sunndal og Dahle vart det null poeng, men kampane har vist at det ikkje er så stor avstand mellom topp og botn. Denne gongen vart eit straffespark mot slutten avgjerande. Svein Erik Lange Male var ikkje samd i at det var rett å blåse: - Eg tok ballen først, sa han ifølge direktesendinga.

 

VARFJELLTV: SJÅ KAMPEN I OPPTAK HER

 

Surnadal kunne ta tabelltoppen med seier og gjekk friskt ut i tropevarmen (meldt om opp mot 30 varmegradet) på Syltøran stadion. Laget skapte 3-4 stora sjansar i starten, men først etter 22 minutt fekk dei uttelling. Det starta med eit unødvendig balltap på midten, Svein Erik Lange Male klarerte i første omgang, men ballen hamna hos Viljar Fiske Kvande som frå fem meter sette ballen i nettaket.

 

Surandal hadde også ei avslutning i stolpen, før Vestnes Varfjell etter kvart spelte seg inn i kampen. Håvard Nybråten la inn i feltet og etter ein retur frå keeper kunne Elling Olafsen sette inn utlikninga etter 32 minutt. Nybråten testa også keeper med eit skot like før pause, men 1-1 sto seg.

Same mann var på farta også i andre omgang. Amund Stavem la framspelet, men aleine med keeper endte avslutninga til Nybråten like over.

 

Andre omgang vart ikkje like sjanserik. Surnadal hadde initiativet, men det var sjeldan farleg utanom eit par hjørnespark. Det var derfor ekstra surt at eit straffespark skulle bli avgjerande med så kort tid igjen. Arnstein Aasbø vart felt og storskåraren Sander Smevoll var sikker frå 11 meter.

 

Vestnes Varfjell prøvde å pumpe ballen fram på slutten for å skape sjansar til ei utlikning, men det vart ikkje fleire mål.

 

Både Magnus Nerheim og Adrian Kosinski har vore plaga med skader, og begge måtte gje seg tidleg i andre omgang.

 

Neste kamp er heime mot Midsund fredag, det er også siste kamp før ferien.

 

KAMPFAKTA:

Surnadal - Vestnes Varfjell (1-1)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal, laurdag 25. juni 2022 kl 14

Syltøran stadion, 125 tilskuarar

Mål:

1-0 (23) Viljar Fiske Kvande

1-1 (32) Elling Olafsen

2-1 (83) Sander Smevoll, straffespark

Dommar: Kurt Einar Ansnes, Kvass/Ulvungen. Assistentdommarar: Modolf Holm, Isfjorden og Arnt Ivar Dale, Elnesvågen

Gult kort: Knut Stian Eik (64) og Svein Erik Lange Male, Vestnes Varfjell (90+5). Viljar Fiske Kvande (59) og Sander Dahle Fiske (86), Surnadal

Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Connor: Juan Richard Larsen (Håkon Kjørvik 15.), Svein Erik Lange Male, Liam Connor, Magnus Nerheim (Lars-Helge Lien 58.) - Elling Olafsen (Ørjan Tangen 46. (k)), Amund Stavem (k), Tor--Bjarne Løvik Salte (Dag Maier 83.)- Håvard Nybråten, Knut Stian Eik (Oliver Connor Søreng 77.), Adrian Kosinski (Juan Richard Larsen 58.)

 

 

Add a comment
 
Møter Surnadal borte laurdag - sjå kampen her
fredag 24. juni 2022 21:17

For tredje helg på rad tar med turen til Nordmøre for å møte eitt av topplaga i årets 4. divisjon. Surnadal er motstandar på Syltøran med avspark klokka 14. Asbjørn Vik er på plass og har lova direktesesendig her.

 

Med resultata frå kampane fredag vil heimelaget gå til topps på tabellen, medan Vestnes Varfjell treng poeng etter at alle laga bak på tabellen vann sine kampar.

 

Syltøran har tradisjonelt vore ei av dei vanskelegaste bortebanene i divisjonen, og me må heilt tilbake til 2009 for å finne sist Vestnes Varfjell tok med seg alle poenga heim. Oversikt over tidlegare oppgjer her.

Add a comment
 
Sterk sluttspurt ikkje nok til poeng
torsdag 16. juni 2022 15:17

Vestnes Varfjell opna svakt og kom tidleg under 0-3 i den framskunda bortekampen mot Dahle. Ein sterk sluttspurt var ikkje nok til å sikre poeng.

SJÅ KAMPEN I OPPTAK I VARFJELL-TV

Vertane tok leiinga alt etter fire minutt då Joakim Bjerkås var sist på eit presist og langt framspel. 2-0 kom etter ti minutt ved Tobias Dahle som stakk igjennom og skåra frå omtrent død vinkel. Så auka Henrik Rolland til 3-0 på eit straffespark, som vart dømt etter hands til store protestar. Owen Connor fekk ei hand på ballen, men kunne ikkje redde slik han gjorde på forrige straffespark.

 

Vestnes Varfjell hadde sine spede forsøk i første omgang, mellom anna på eit frispark frå 16 meter som keeper til slutt fekk kontroll på. Like før pause kom redusering, på straffespark etter at Tor-Bjarne Løvik Salte vart felt. Elling Olafsen sette ballen utenfor keepers rekkevidde til pauseresultat 1-3.

 

Vestnes Varfjell løfta seg etter kvilen. Tor-Bjarne Løvik Salte kom på eit godt skotforsøk kvarteret før slutt, men ballen gjekk over. Han hadde også eit godt skotforsøk som keeper redda. Dahle hadde også sine sjansar, mellom anna med ein lobb like utanfor.

 

Like før slutt reduserte Amund Stavem på eit frispark som gjekk rett i mål frå utanfor kanten av 16-meteren. Vestnes Varfjell pressa på for eit utlkning i sluttminutta, men kom ikkje nærare enn ei heading over frå ein offside-plassert Knut Stian Eik. På over-overtid skjedde det mykje. Først ville Vestnes Varfjell ha hands og straffe etter ein corner. Det fekk dei ikkje, og i staden vart det ei kontring der Owen Connor måtte varte opp med ei feberredning for å hindre skåring.

 

 

Siden kampen mot Sunndal sist var Amund Stavem og Elling Olafsen tilbake, medan Adrian Kosinski og Magnus Nerheim utgjorde skadelista denne gongen.

 

Neste kamp blir den tredje tøffe bortkampen på Nordmøre på rad når laget tek turen til Surnadal laurdag 25. juni.

 

KAMPFAKTA

Dahle - Vestnes Varfjell

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, torsdag 16. juini 2022 kl 19.45

Dahle kunstgresspark - 30 tilskuarar

Mål:

1-0 (4) Joakim Bjerkås

2-0 (10) Tobias Dahle

3-0 (19) Henrik Rollan

3-1 (43) Elling Olafsen

3-2 (89) Amund Stavem

Dommer: Adrian Bratli, Molde FK

Aassistentdommarar: Roe Vidar Lien, Malmefjorden IL og Atle Engen, Hovdebygda IL

Gult kort:

Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Connor: Juan Richard Larsen (Håkon Kjørvik 70.), Svein Erik Lange Male , Liam Connor, Lars-Helge Lien (Ørjan Tangen 65.) - Oliver Connor Søreng (Airidas Skirgaila 80.), Amund Stavem (k), Tor-Bjarne Løvik Salte - Håvard Nybråten, Knut Stian Eik, Elling Olafsen

 

Innbyttarar: Håkon Ødegård Kjørvik, Ørjan Tangen, Dag Christian Maier, Airidas Skirgaila

Add a comment
 
Møter Dahle borte torsdag - sjå den her
onsdag 15. juni 2022 19:21

Vestnes Varfjell tjuvstartar serierunde 9 i 4. divisjon med bortekamp mot Dahle torsdag klokka 19.45. Dette er ein kamp som eigentleg skulle vore spelt på Vestnes fredag, men som Vestnes Varfjell ville flytte til torsdag fordi Connor reiser til Skottland på gravferd. For å få til torsdagskamp vart klubbane samde om at kampen skulle spelast i Kristiansund. Dermed blir det i staden heimekamp mot Dahle til hausten.

 

Flyttinga gjer at det heller ikkje blir noko av den planlagte sendinga frå Rbnett/TK, men fortvil ikkje: Asbjørn Vik er på plass og sender kampen direkte her.

Add a comment
 
Godt forsøk, men så spratt ballen serieleiaren sin veg
fredag 10. juni 2022 20:47

Vestnes Varfjell kunne ha sikra seg eit sterkt bortepoeng mot serieleiar Sunndal fredag, men ein uheldig situasjon midtvegs i andre omgang vart avgjerande. Ein tilsynelatande ufarleg ball inn i feltet spratt i bakken via hovudet tll Juan Rikard Larsen og over ein utrusande keeper Owen Connor. Dermed vann Sunndal 2-1 i ein tidvis jamnspelt kamp på Sande stadion.

 

SJÅ HEILE KAMPEN I OPPTAK VARFJELL-TV

 

BILDE FRÅ KAMPEN PÅ TWITTER

 

Trenar Alexander Connor oppsummerer kampen slik:

- Eg synest synd på gutane som hadde fortent poeng i dag. Det var lite som skilte laga, og kampen vart avgjort av eit litt merkeleg sjølmål. Med tanke på at me mangla Amund (Stavem), som har vore vår desidert beste spelar i år og Elling (Olafsen), som er delt toppskårar, så gjer me ein god god kamp. Samtidig har me ikkje marginane med oss i periodar der me er best i kampen. Når det offensive spelet vårt sit, er det få som heng med angrepsrekka vår. Me får berre jobbe enda hardare med uttellinga på sjansane våre.

 

Begge lag hadde kvar sin store sjanse heilt i starten, Knut Stian Eik testa Sunndal-målvakta med eit skot. Så tok heimelaget leiinga etter åtte minutt. Målet km etter ei heading frå bakre stolpe. Adrian Kosinski utlikna til 1-1 fem minutt før pause. Knut Stian Eik, flikka ballen fram til kantspelaren som sette ballen kontrollert forbi keeper. Laga bytte litt på initiativet mellom skåringane utan at dei heilt store sjansane vart skapt. Sunndal hadde ei avslutning like over krysset, medan Adrian Kosinski avslutta like utanfor tidleg i kampen.

 

Kosinski måtte dessverre gje seg med ein strekk ved halv tid, og med forfall frå Amund Stavem frå før, vart den offensive krafta svekka i andre omgang. Håvard Nybråten var nærme skåring heilt i starten av andre omgang, men lobben gjekk like over etter at han snappa ballen før ein utrusande keeper.

Sunndal festa eit lite grep på eige gras, men Varfjell-forsvaret rydda greit unna det som kom. Heilt til 65 minutt var spelt og ein tilfeldig situasjon altså gav 2-1. Før det var Sunndal også nærme då ballen sneia tverrliggaren etter ein corner og keeper Connor hadde også ei god redning.

 

Vestnes Varfjell flytta etter kvart også midtstoppar og kaptein for kvelden, Svein Erik Lange Male, fram. Laget pumpa ballen fram i eit forsøk på å få ei utlikning, men det lukkast ikkje. Nærast kom laget på ein trippelsjanse der både Håvard Nybråten, Knut Stian Eik og til slutt innbyttar Airilas Skirgaila prøvde å få ballen i mål. Skirgaila hadde også ein god sjanse på eit skot som keeper redda ikkje lenge etter 2-1-skåringa.

 

Ein solid laginnsats heldt altså ikkje til poeng, men det var likevel mykje positivt å ta med seg frå denne kampen. Stopparduoen Lange Male og Liam Connor spelte ein solid kamp, medan Lars-Helge Lien på venstrebacken stoppa Sunndals målfarlege kantspelar Markus Lewis. Magnus Nerheim var endeleg skadefri og tilbake i startoppstillinga, og viste at han blir ei solid forsterking. Offensivt varta særleg Adrian Kosinski opp med lekre detaljar i tillegg til skåringa, før han altså måtte forlate banen med ein ispose på baksida av låret.

 

Neste kamp er mot Dahle. Den er "snudd" til bortebane og flytta til torsdag grunna begravelse i Skottland.

 

KAMPFAKTA

Sunndal - Vestnes Varfjell 2-1 (1-1)

Seriekamp, 4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 10. juni 2022 kl 19

Sande stadion, 110 tilskuarar

Mål:

1-0 8) Oskar Vatten Sandvik

1-1 (40) Adrian Kosinski

2-1 (66) sjølmål (Juan Rikard Larsen)

Dommar: Eirik Hyldbakk Furu, Clausenengen. Assistentdommarar: Jan André Furnes, Dahle og Arnt Ivar Dale, Elnesvågen

Gult kort: Magnus Nerheim (45), Oliver Connor Søreng (63), Vestnes Varfjell. Markus Lewis (39), Sander Grimelid (72), Sunndal

Vestnes Varfjell (4-3-3): Owen Connor: Juan Rikard Larsen, Svein Erik Lange Male (k), Liam Connor, Lars-Helge Lien - Magnus Nerheim (Håkon Kjørvik 85.), Oliver Connor Søreng (Ørjan Tangen 79.), Tor-Bjarne Løvik Salte (Dag Christian Maier 90.) - Håvard Nybråten, Knut Stian Eik, Adrian Kosinski (Airidas Skirgaila 46.)

 

Add a comment
 
Møter Sunndal borte fredag klokka 19
onsdag 08. juni 2022 21:00

Vestnes Varfjell tek fredag turen til Sunndal for å møte serieleiaren på Sande stadion. Sunndal står med 19 poeng og er utan tap så langt i sesongen. Laget blir trent av det tidlegare MFK S-et Ole Bjørn Sundgot. For Vestnes Varfjell har turane til industribygda ofte endt med tap, men i 2017 tok me ein sjeldan 5-4-seier. Liste over tidlegare møter her.

Add a comment
 
Kosinski rask, men ikkje raskast
onsdag 08. juni 2022 19:58

50,6 sekund tok det for Adrian Kosinski å skåre etter avspark mot Eide sist fredag. I andre omgang brukte samme mann 41,5 sekund på å auke til 4-1.

 

Dei to raske nettkjenningane er likevel ikkje klubbrekord. Den har Ronny Leikarnes, som skåra etter berre ti sekund heime mot Braatt i 5. divisjon 30. juni 1996.

 

Den uoffisielle lista over raskaste skåringar for Varfjell ser slik ut:

 

10 sekund:

Ronny Leikarnes, mot Braatt (h), 5. divisjon, 30. juni 1996

 

12 sekund:

Rolf Rypdal, mot Gossen (h), 4. divisjon,8. mai 1975

 

20 sekund:

Arjan Hulsker, mot Bøfjord (b), 3. divisjon, 28. august 1999

 

25 sekund:

Ronny Leikarnes, mot Moldekam (h), 4. divisjon, 2. august 1997

 

30 sekund:

Finn Skjegstad, mot Eide (b), 4. divisjon, 7. juni 1976

 

35 sekund:

Roger Valldal, mot Ulvungen (b), 4. divisjon, 30. april 1977

 

50 sekund:

Ronny Leikarnes, mot Bryn 2 (h), 5. divisjon, 16. august 1996

Adrian Kosinski, mot Eide (h), 4. divisjon, 3. juni 2022

 

56 sekund:

Harald Innli, mot Tomrefjord (h), 5. divisjon, 20. september 1987

 

60 sekund:

Arne Johan Larsen, mot Eide (b), 4. divisjon, 24. mai 1997

 

 

Kjelde er jubileumsboka i 2000, så her må me dermed ta forbehold om at mål etter 2000-sesongen manglar.

Add a comment
 
Storseier då Varfjell endeleg vann på heimebane
fredag 03. juni 2022 18:59

(Vestnes Varfjell - Eide og omegn 6-1) Vestnes Varfjell var effektive og gode då Eide vart slått med heile 6-1 i Vestnes idrettspark fredag. Det var også ein etterlengta heimeseier. Vestnes Varfjell gjekk gjennom heile den halve koronasesongen i fjor utan heimeseier. Dermed var 3-2-seieren mot nettopp Eide i 2019 sist laget tok tre poeng på eige kunstgras.

 

BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN |

VARFJELL-TV: SJÅ KAMPEN I OPPTAK

 

Alt før minuttet var spelt var Adrian Kosinski igjennom og sette inn 1-0. Amund Stavem tredde vingen, med aldersbestemte landskampar for Polen, perfekt igjennom. Aleine med keeper sette Kosinski ballen til høgre og i mål. 50 sekund viste stoppeklokka. Ikkje lenge etter var Kosinski på farten igjen, men denne gongen fekk målvakta ei hand på avslutninga frå kloss hald.

Eide spelte seg inn i kampen og hadde fleire farlge cornerar og ein verkeleg stor sjanse då Owen Connor varta opp med ei feberredning på Ruben Toven si avslutning. Gjestane fekk si fortente utlikning etter 28 minutt. Varfjell-forsvaret fekk ikkje avklart etter eit frispark som vart lagt inn i feltet og Andreas Melsæter Ellingsen avslutta med eit skote via stolpen og i mål.

 

Så var Kosinski igjen på farten og pressa fram eit sjølmål ti minutt før pause. Ballen var på veg over streken då Nikolay Bruseth sette ballen i eige mål i eit forsøk på å avklare. Fem minutt seinare var det Elling Olafsen som drilla rundt med gjestane inne i 16-meteren, og igjen var ein Eide-spelar sist på ballen. Skotet frå spiss vinkel endra retning via Fredrik Aas Røkkum og gjekk i mål etter at også Svein Erik Lange Male var frampå og pressa på. Kosinski hadde også ei avslutning som såg ut til fyke over keeper og i mål, men keeper redda til corner. 3-1 til pause.

 

Andre omgang starta som den første med Konsinski på farten, denne gongen avslutta han med eit susande skot over keeper. Denne gongen var han enno raskare: 41 sekund! Ikkje lenge etterpå sto det 5-1 då Elling Olafsen heada i mål frå bakre etter innlegg frå Lars-Helge Lien.

 

Eide prøvde og prøvde for å få ei redusering, men Varfjell-forsvaret og ikkje minst keeper Owen Connor rydda unna mellom anna med ei strålande dobbeltredning etter 57 minutt. Heller ikkje frå straffemerket skulle gjestane lukkast etter at innbyttar Jarle Løvik Salte hadde halde att ein Eide-spelar etter 88 minutt. Owen Connor redda forsøket frå Ruben Slutås Toven.

 

I staden kontra heimelaget, Håvard Nybråten gjorde ingen feil aleine med keeper etter ny målgjevande pasning frå Lars-Helg Lien. Dermed vart det skåring på heile angrepsrekka.

 

Publikum, 80 i talet inkludert ein stor kontingent frå Eide, fekk dermed oppleve ein heimeseier igjen i Vestnes idrettspark.

 

Det meste lukkast for heimelaget i denne kampen, der det også endeleg løsna skikkeleg for Adrian Kosinski. Heile laget spelte ein god kamp, men ekstra pluss igjen til Amund Stavem i tillegg til keeper Connor.

 

Neste kamp er borte mot serieleiar Sunndal.

 

KAMPFAKTA

Vestnes Varfjell - Eide og omegn 6-1 (3-1)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 3. juni 2022 kl 19

Vestnes idretspark, 80 tilskuarar

Mål:

1-0 (1) Adrian Kosinski

1-1 (28) Adreas Melsæter Ellingsen

2-1 (36) sjølmål (Nikolay Bruseth)

3-1 (41) sjølmål (Fredrik Aas Røkkum)

4-1 (46) Adrian Kosinski

5-1 (51) Elling Olafsen

6-1 (88) Håvard Nybråten

Dommar: Henning Sunde, MFK. Assistentdommarar: Herman Brevik Grudt, Træff og Atle Engen, Hovdebygda.

Gult kort: Nikolay Bruseth, Eide (83)

Vestnes Varfjell: Owen Connor - Vegar Skare (Jarle Løvik Salte 82.), Svein Erik Lange Male, Liam Connor, Lars-Helge Lien  - Oliver Connor Søreng (Airidas Skirgaila 84.), Amund Stavem (k), Tor-Bjarne Løvik Salte  - Håvard Nybråten, Elling Olafsen (Magnus Nerheim 82.), Adrian Kosinski

Add a comment
 
Møter Eide heime fredag klokka 19
torsdag 02. juni 2022 17:19

Ny heimekamp i 4. divisjon fredag når Eide og omegn kjem på besøk. Heimelaget bør vere ivrige etter å rette opp det svake resultatet frå forrige kamp. Også gjestane gjekk på eit heimetap då, 1-2, mot Træff 2, men greide sterke 4-4 borte mot KBK 2 i runden før. Eide har forsterka laget kraftig i forkant av denne sesongen, og blir ei tøff nøtt. For Vestnes Varfjell er det viktig å plukke poeng framover for å unngå å hamne i den verste botnstriden. Tabellen for 4. divisjon har delt seg der dei fire første laga har rykka i frå, medan det skil få poeng frå 5. til 12. plass.

 

Sist laga møttest endte det 1-1 på Eide, medan siste kamp i Vestnes idrettspark (i 2019) endte 3-2 til heimelaget.

Oversikt over tidlegare oppgjer her.

Add a comment
 
Gåvmilde Varfjell tapte knokkelkampen
fredag 27. mai 2022 19:59

(Malmefjorden - Vestnes Varfjell 3-2) Vestnes Varfjell gav bort tre enkle mål før pause og gjorde det dermed unødvendig vanskeleg for seg sjølve i bortemøtet med botnplasserte Malmefjorden. Håvard Nybråten reduserte i første omgang, men eit vedvarande press i etter pause resulterte berre i ei straffskåring frå Elling Olafsen (sjå video i VarfjellTV).

 

BILDE FRÅ KAMPEN

 

Malmefjorden spelte akkurat på desperte som eit lag utan poeng som nettopp har bytta trenar og henta inn gamle "stjerner" i håp om å berge stumpane. Dessverre for Vestnes Varfjell vart dei den perfekte motstandar. For der heimelaget spelte direkte og enkelt frå start på den ujamne, sleipe og smale grasmatta, kludra gjestane det stadig til. Alt etter fem minutt glapp det i markeringane og eit gjennomspel var kontant ekspedert i mål frå Fredri Røvik Eidskrem.

 

Så hadde Olvire Connor Søreng og Amund Stavem gode skotforsøk, før Håvard Nybråten svarte med ei lekker skåring kontant i nettet frå spiss vinkel til 1-1. Vestnes Varfjell dominerte no banespelet, men i staden glapp det igjen i dei bakre rekker. Keeper Connor redda første forsøk, men på returen kom Stian Rødal først. Den tidlegare Træff-kapteinen har nettopp signert for Malmefjorden. Og som om ikkje det var nok: ei bakoverpasning frå Tor-Bjarne Løvik Salte vart snappa opp og Eidskrem kunne sette inn sitt andre mål for kvelden. Vestnes Varfjell pressa på mot slutten av omgangen. Amund Stavem skaut  tverrliggaren. Håvard Nybråten fann Elling Olafsen framom mål, men heimelagets gode keeper redda.

 

Andrte omgang vart ein stilstudie i seine taklingar, høglytt klaging på dommarane og lite spel. Desse tre poenga skulle nemleg Malmefjorden ha, og dei brukte alle lovlege og ulovlege middel for å greie det. Elling Olafsen hadde ein kjempesjanse til redusering, men keeper redda avslutninga frå kloss hald. Varfjells høgre press gav også heimelaget sjansen på kontringar, men heldigvis hadde dei ikkje krefter til å fullføre når dei fekk sjansen.

 

Vestnes Varfjell la etter kvart om til tre bak og sendte Svein Erik Lange Male fram. Fem minutt før full tid vart han dratt ned, og dermed straffespark. Det sette Elling Olafsen inn nede ved stolpen via ein keeperhanske. Male vart dratt ned igjen og skulle hatt eit nytt straffespark like etterpå, men då sa dommaren nei.

 

-- Soleklart straffespark, sa Lange Male til varfjell.no etter kampen.

 

Vestnes Varfjell fekk også eit inidrikte frispark på fem meter fordi keeper tok opp ballen to gongar, men dommaren gjorde om etter å ha snakka med sin assistentdommar.

 

Dommaren la til fem minutt, men heimelaget heldt unna og sikra seg alle tre poenga.

 

Best på Vestnes Varfjell var igjen kaptein Amund Stavem saman med midstoppar Liam Connor. Pluss også til målvakt Owen Connor, Oliver Connor Søreng og Håvard Nybråten. For ein del andre var det ein kamp under pari med mange svake mottak og feilpasningar.

 

Neste kamp er mot Eide heime.

 

KAMPFAKTA

Malmefjorden - Vestnes Varfjell 3-2 (3-1)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, fredag 27. mai 2022 kl 19

Malmefjorden stadion, 40 tilskuarar

Mål:

1-0 (5) Fredrik Røvik Eidskrem

1-1 (19) Håvard Nybråten

2-1 (23) Stian Berg Rødal

3-1 (35) Eidskrem

3-2 (85) Elling Olafsen, straffspark

Dommar:Adrian Bratli, Molde FK. Assistentar: Eirik Furu, CFK og Ole Petter Kristiansen, Eide

Gult kort Stian Rødal, Malmefjorden

 

 

Vestnes Varfjell: Owen Connor - Juan Rikard Larsen (Håkon Kjørvik 70.), Svein Erik Lange Male, Liam Connor, Lars-Helge Lien (Magnus Nerheim 68.) - Oliver Connor Søreng, Amund Stavem (k), Tor-Bjarne Løvik Salte (Vegar Skare 65.) - Håvard Nybråten, Elling Olafsen, Adrian Kosinski

Add a comment
 
Møter Malmefjorden borte fredag
torsdag 26. mai 2022 19:39

Fredag og ny kamp i 4. divisjon for Vestnes Varfjell. Denne gongen tar laget turen til Hustadvika kommune og heimelaget Malmefjorden. Det har alltid vore ei tøff bortebane, men sist me var her, i 2019, stakk me av med alle poenga etter ei dramatisk avslutning som du kan sjå her.

Oversikt over tidlegare oppgjer her.

Add a comment
 
Kamp i ein time, så leverte Postnord-reservene
måndag 23. mai 2022 20:47

(Vestnes Varfjell - Træff 2 1-5) Vestnes Varfjell skåra først og heldt stand i ein time mot Træff 2 måndag kveld, men så hang ikkje laget med og måtte tåle eit klart tap mot det beste laget som har besøkt Vestnes så langt denne sesongen.

 

SJÅ BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN HER

 

Træff 2 kom til Vestnes fast bestemt på å ende rekka med berre tap så langt i sesongen. Me skal ikkje irritere oss lenge over det, men konstaterer at dette var eit noko anna lag enn moldenserane har stilt tidlegare i sesongen. Heile benken på åtte mann frå Postnord-oppgjeret mot Frigg søndag var sendt på ferjetur, inkludert tre som kom innpå i kampen mot Frigg - midstopparduen Erik Kjørsvik og Bjørnar Eltervåg, samt MFK-legende Mattias Moström. Ta med den kanskje enda større legenda Makhtar Thioune og Mikael Wenaas, og du skjønar at heimelaget ville få ein tøff kveld.

 

Det var likevel ein ei dei Træff sendte til Vestnes Varfjell som sette tonen. Håvard Nyjordet kom aleine med keeper alt før minuttet var spelt, men keeper blokkerte skotet. Etterpå tok Træff 2 gradvis over med dei nemnde stjernene i spissen. Laget hadde to brukbare sjansar før Thioune testa keeper Owen Connor med eit langskot.

 

Nybråten, Stavem og Olafsen hadde kvar sine forsøk i andre enden, før den endeleg satt for midspissen. Adrian Kosinski, også han med fortid i Træff, sto for forarbeidet der Olafsen til slutt smelte ballen i mål på halv volley. 1-0 og det var spelt 35 minutt i Vestnes idrettspark.

 

Træff svarte dessverre litt for raskt. Fem minutt seinare fann Moström Wenaas framom mål. 1-1 til pause etter ein sjansemessig jamn omgang, men der Træff 2 hadde ballen mest.

 

Kampbildet heldt fram i starten av andre omgang. Etter 60 minutt glapp det i Varfjell-forsvaret og gjestane tok leiinga. Like etter sto det 3-1 etter avslutning via keeper, og til slutt fullførte Adrian Grüner Bygland sitt hattrick etter eit nytt gjennomspel. Håkon Bryni Reitan fekk avslutte ballet med et kontant skot etter framspel frå Thioune åtte minutt før full tid. Dermed vart det eit stygt heimetap på ein kveld som starta godt.

 

Fjorårets Vestnes Varfjell-trenar Ole Håkon Heen Lien var på benken som trenarassistent for Træff 2. På benken sat også tidlegare Vestnes Varfjell-spelar Olav Dalhaug som fekk nokre minutt som innbyttar på slutten.

 

Neste kamp er borte mot Malmefjorden.

 

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Træff 2 1-5 (1-1)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, måndag 23. mai 2022 kl 19

Vestnes idrettspark 120 tilskuarar

Mål:

1-0 (35) Elling Olafsen

1-1 (40) Mikael Wenaas

1-2 (60) Adrian Grüner Bygland

1-3 (64) Adrian Grüner Bygland

1-4 (71) Adrian Grüner Bygland

1-5 (83) Håkon Bryni Reitan

Dommar: Eirik Hyldbakk Furu, CFK

Gult kort: Amund Stavem, eitt til Træff

Vestnes Varfjell: Owen Connor - Juan Rikard Larsen (Håkon Kjørvik 46.), Svein Erik Lange Male, Liam Connor, Lars-Helge Lien (Magnus Nerheim 46.) - Oliver Connor Søreng (Knut Stian Eik 75.), Amund Stavem (k), Tor-Bjarne Løvik Salte (Vegar Skare 75.) - Håvard Nybråten, Elling Olafsen (Airidas Skirgaila 79.), Adrian Kosinski

 

 

Add a comment
 
« StartFørre12345678910NesteSiste »

Side 1 av 265