Banner

Sesongmeny

Forrige kamp
Bane: Dahle kunstgresspark laur., 23. okt. 2021 14:30
Dahle
Dahle
4-2 Referat
Vestnes Varfjell
Varfjell

Tabellen

# Team K Mål P
1 Tomref 11 16 29
2 KBK 2 11 34 28
3 Sunndal 11 10 22
4 Surnad. 11 29 19
5 ÅIF 11 4 18
6 Dahle 11 -4 16
7 Malmefj. 11 -6 16
8 Eide 11 -4 10
9 Varfjell 11 -14 10
10 KFK 11 -12 9
11 Midsund 11 -28 9
12 Smøla 11 -25 4

varfjell.no spør

Korleis går det i sesongen?
 
Sesongstatistikk: Fem spelarar med 11 kampar
måndag 25. oktober 2021 18:24

Oppdatert statistikk for sesongen som nettopp er over, viser at fem spelarar var på banen i alle dei 11 seriekampane: Owen Connor, Svein Erik Lange Male, Juan Rikard Larsen, Oliver Connor Søren og Tor-Bjarne Løvik Salte. Av desse var det berre målvakt Connor som starta i alle kampane. Han var også den med mest speletid totalt, det einaste han ikkje spelte var andreomgangen mot Sunndal.

 

Totalt 23 spelarar var i aksjon i den marineblå trøya  denne sesongen. For seks spelarar var det også seriedebut på A-laget:  Owen Connor, Oliver Connor Søreng, Tor-Bjarne Løvik Salte, Ole Ragnar Opstad Forsland, Airidas Skirgaila og Dag Christian Maier Eidhamar.

 

Elling Olafsen vart suveren toppskårar med åtte mål på dei ni kampane han spelte. Dermed endte han også på delt 3. plass i 4. divisjon Nordmøre/Romsdal (heile lista her), og best av spelarane frå Romsdal. Svein Erik Lange Male vart nummer to med sine to mål.

 

Ei liste der ein Vestnes Varfjell-spelar toppa er «råtassen», der Vegard Ellingseter noterte seg for både eitt raudt og fire gule kort.

 

FULL OVERSIKT OVER 2021-SESONGEN TIL VESTNES VARFJELL FINN DU HER

 

Under kan du sjå oversikt frå oppmann Frode Lien serierunde for serierunde og kor mange kampar dagens aktive har på adelskalenderen.

 

Add a comment
 
Gåvmilde Varfjell avslutta med bortetap
laurdag 23. oktober 2021 16:54

Vestnes Varfjell tapte til slutt 2-4 borte mot Dahle i sesongens siste seriekamp. Elling Olafsen var og Svein Erik Lange Male skåra i ein kamp der laga dominerte i kvar sin omgang, men der Vestnes Varfjell igjen slapp inn altfor lette mål.

 

SJÅ HEILE KAMPEN I OPPTAK I VARFJELL-TV | EIT LITE BILDEGALLERI HER

 

Kampen måtte utsetjast i eit kvarter fordi maxi-taxien som skulle køyre Vestnes Varfjell frå Molde hadde lekkasje. Sjåføren snudde og skaffa ny bil.

 

Men om "bussen var parkert" utanfor gjedet, så var den det ikkje inne på Dahle idrettspark. Heimelaget skåra nemdleg alt etter 45 sekund då dei kom lett forbi på sida og Mats Tolcsiner enkelt kunne sette ballen i mål frå kloss hald. Dahle dominerte i starten og Vestnes Varfjell hadde berre nokre nestensjansar.

 

Halvtimen var spelt då Magnus Nerheim vart felt på veg igjennom. Elling Olafsen sette straffesparket kontant i mål til utlkning 1-1. Minuttet etter hindra ei feberredning at Svein Erik Lange Male hadde snudd til 2-1 på ei heading  etter corner. I staden kontra Dahle som, keeper Connor rykka ut, men kunne ikkje hindre

 

3-1 kom like etter pause på eit flott skot frå Henrik Rolland som snappa eit svart tilbakespel. Etter dette tok Varfjell over samtidig som heimelaget bytta mykje på aget. Svein Erik Lange Male vart flytta fram og det var han som heada eit frispark frå Vegard Elllingseter inn tl redusering 2-3 fem minutt før slutt. Olafsen kriga med keeper, og vart først opplyst som målskårar, men ballen gjekk visst rett inn. Men i staden for ein sluttspurt for uavgjort skåra Dahle igjen på direkten etter eit skot over keeper.

 

 

Resultatet betyr at Vestnes Varfjell vart nummer ni på sluttabellen for 4. divisjon.

 

KAMPFAKTA:

Dahle - Vestnes Varfjell 4-2 (2-1)

Seriekamp 4. divisjon, Nordmøre/Romsdal

Laurdag 23. oktober 2021 kl 14.45

Dahle kunstgresspark, 50 tilskuarar (fire Vestnes Varfjell)

Mål:

1-0 (1) Mats Tolcsiner

1-1 (30) Elling Olafsen, straffespark

2-1 (32) Tobias Larsen Lysø

3-1 (50) Henrik Rolland

3-2 (85) Svein Erik Lange Male

4-2 (86) Lucas Gaspar da Silva

Dommar: Simon Sandvik, Elnesvågen

Gult kort: Tre til Dahle

Vestnes Varfjell (5-4-1): Owen Connor: Juan Rikard Larsen (Arjan Sylte 85.), Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Vegard Ellingseter, Lars-Helge Lien (Tor-Bjarne Løvik Salte 55.) - Karl Arne Stokkeland (Oliver Connor Søreng 76.), Ørjan Tangen (k), Amund Stavem, Magnus Nerheim - Elling Olafsen

 

 

 

 

Tomrefjord seriemeister

Gratulerer til Tomrefjord som vart vinnar av 4. divisjon og skal møte sunnmørsvinnar Hødd 2 i kampen om opprykk til 4. divisjon. Tidlegare Vestnes Varfjell-kaptein Tommy Kanishi  Andreassen skåra det første målet då Malmefjorden vart slått 2-0 i suste og avgjerande kamp.

Add a comment
 
Serieavslutning laurdag kl 14.30
fredag 22. oktober 2021 11:33

Siste serierunde i den korona-halverte sesongen i 4. divisjon blir spelt laurdag. Vestnes Varfjell tek turen til Kristiansund for å møte Dahle. Vertane var tippa heilt i toppen før sesongen, men ligg berre tre poeng framom Vestnes Varfjell. Målskilnaden er likevel såpass mykje betre at det må ein storseier til for at me skal kunne gå forbi. Dahle har også vist god formutvikling med seier heime mot KFK/CFK og uavgjort borte mot Surnadal. Vestnes Varfjell kom på si side ned på jorda med tap mot Åndalsnes etter at plassen vart sikra gjennom to borteseierar. Laget har mangla mange i dei to siste kampane. Kven som blir med no er usikkert, men Vegard Ellingseter har i alle fall so a ferdig dei to kampane han fekk i karantene etter kampen mot KFK. Klarer laget å gå gjennom sesongen utan tap på bortebane? Svaret får me laurdag. Kampstart i Dahle kunstgresspark er klokka 14.30. Kampen blir streama.

 

Siste borteseier mot Dahle kom i 2013, men mest legendarisk er 9-2-seieren dere 2008. Oversikt over tidlegare oppgjer her.

 

Add a comment
 
Slemmen igjen klar for Norge
fredag 22. oktober 2021 11:28

Gratulerer til Vestnes Varfjell-jenta Solveig Slemmen (no Molde FK) som igjen er tatt ut på J15-landslaget! Norge skal spele privatkampar mot Mexico og Belgia i november.

Troppen og meir om kampane her

Add a comment
 
Rota det til og tapte mot Åndalsnes
laurdag 16. oktober 2021 15:12

Det vart tap 0-3 i ein rotete kamp mot Åndalsnes. Gjestane skåra først på eit flott langskot, medan dei to suste var «gåvepakker». Svak siste heimekamp dessverre, men plassen vart uansett definitivt berga.

SJÅ HEILE KAMPEN I OPPTAK I VARFJELL-TV | SJÅ BILDEGALLERI FRÅ KAMPEN

Det var tydeleg at det var gjestane, som kom frå fire strake tap, som hadde moblisert mest til denne kampen. Heimelaget kunne med seier gå forbi naboane frå Rauma, men det var dei aldri i nærleiken av. ÅIF tok kommandoen frå start og gjekk opp i 1-0 etter eit kvarter då eit langskot fauk i mål over heimelagets målvakt. Så hadde gjestane ein ball i tverrliggaren etter ein corner. Like etter sto det 2-0 då eit skot forandre retning i eit Varfjell-bein og enda opp i mål.

 

Vestnes Varfjell kom litt med utover i omgangen, men kom ikkje nærare enn ei avslutning frå kaptein Ørjan Tangen som keeper plukka opp. I andre enden måtte same Tangen strekke ut ei tå og redde baklengs etter at Varfjell-forsvaret hadde rota det til og gitt gjestane ein gratisjanse. Omgangen ebba ut med ei god rednikng frå Varfjell-keeper Owen Connor på eit frispark.

 

Same Connor var ikkje like heldig i andre omgang. Han var langt ute, men mista ballen. Dermed fekk gjestane fritt leide til å sette 3-0 i ope mål.

 

Resten av kampen vart prega av mykje rot og svakt spel. ÅIF var fornøgde og Vestnes Varfjell greide aldri å komme tilbake i kampen same kva dei prøvde på. Nærast ei redusering kom Elling Olafsen etter at Vegar Skare hadde spelt han fri. Oliver Connor Søreng slo ein corner som hadde retning retti mål, men ÅIF fekk redda unna. Owen Connor varta opp med enda ei god redning i andre enden, men fleire mål vart det ikkje.

 

Dermed måtte Vestnes Varfjell gå av bana utan heimeseier denne halvsesongen. No ventar Dahle på bortebane i siste kamp.

 

KAMPFAKTA:

Vestnes Varfjell - Åndalsnes 0-3 (0-1)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal, laurdag 16. oktober 2021 kl 14

Vestnes idrettspark, 60 tilskuarar

Mål:

0-1 (15) Emil Nyheim

0-2 (22) Erlend Bale

0-3 (50) Andreas Solevågseide Helle

Dommar: Eirk Hyldbakk Furu, Clausenengen

Gult kort: Oliver Søreng (80) og Svein Erik Lange Male (90), Vestnes Varfjell. Gult kort til trener Geir Christer Nygård, ÅIF

Vestnes Varfjell (5-4-1): Juan Rikard Larsen (Ole Ragnar Forsland 80.), Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen (k), Lars-Helge Lien - Ole Ragnar Forsland (Vegar Skare 46. (Eirik Tomren 67)), Oliver Connor Søreng, Magnus Nerheim (Cédrik Andreassen 70.), Tor-Bjarne Løvik Salte - Elling Olafsen (Airidas Skirgaila 80.)

 

Add a comment
 
Årets siste heimekamp laurdag kl 14
fredag 15. oktober 2021 17:47

Vestnes Varfjell møter Åndalsnes til lokaloppgjer laurdag klokka 14. Dette er også siste heimekamp i 4. divisjon. Etter at Vestnes Varfjell har vunne to kampar på rad, er laget berre to poeng bak dagens motstandar. ÅIF starta sesongen sterkt mellom anna med å slå Sunndal 4-1 borte, men har no fire tap på rad. Den trenden har dei tenkt å snu i dei to siste kampane, les me i Åndalsnes Avis. Samtidig har Vestnes Varfjell ikkje til hensikt å gå ein (halv) sesong utan heimeseier.

 

Me huskar alle forrige serieoppgjer mellom laga, då Vestnes Varfjell berga plassen på overtid. Få med deg denne godbiten, det skal bli opphaldsvêr under kampen!

 

Kan du ikkje møte, lovar Asbjørn Vik direktesending via denne lenka:

https://www.youtube.com/c/VestnesVideo/live

Add a comment
 
Olafsen med fire mål då Smøla vart slått
laurdag 09. oktober 2021 14:33

Vestnes Varfjell vann nøkkelkampen i botnstriden 4-1 borte mot Smøla laurdag, og mykje skal gå galt om det ikkje blir spel i 4. divisjon også neste sesong. Elling Olafsen skåra likegodt alle måla i ein perfekt gjennomførst bortekamp med solid innsats og god lagmoral frå alle.

KAMPEN LIGG UTE I OPPTAK PÅ FACEBOOK

EIT LITE BILDEGALLERI FRÅ TUREN HER

 

Smøla fekk lov til å ha ballen mest i ein sjansefattig start på kampen. Vestnes Varfjell hadde hatt eit skotforsøk utanfor frå Tor-Bjarne Salte før Elling Olafsen bestemte seg for å sette standarden. Magnus Nerheim kjempa om eit langt framspel, og brått var Olafsen aleine med keeper. Der gjorde han som vanleg ingen feil og det sto 0-1.

 

Like etter pause sto det 0-2, og igjen var Olafsen sist på ballen då spissen stupheada ballen i mål etter innlegg frå Oliver Søreng. Så hadde heimelaget nokre gode forsøk på redusering der laget vart berga av ei feberredning frå Owen Connor og tverrliggaren.

 

Mål vart det ikkje og i andre enden var heimelaget gavmilde då keeper gav retur på eit frispark frå Magnus Nerheim. Elling Olfsen sette hovudet til og hat-tricket var komplett etter femten minutt av andre omgang.

 

Kampen hardna til ein periode i andre omgang og høglytte publikummarar gjorde det klart at dei ikkje var fornøgde med dommaren. Det hjalp lite, sidan det er med beina fotball blir spelt. Der var Elling Olafsen best denne fine haustdagen i havgapet på Nordmøre. Mot KFK tirsdag var det ein femmeter frå Owen Connor som var assist ved eitt av måla. Denne gongen var det eit offside-frispar frå Ole Håkon Heen Lien som landa langt inne på motstandaren sin banehalvdel. Olafsen traff ballen før målvakta og ballen trilla i mål til 4-0.

 

På overtid var innbyttar Karl Arne Stokkeland uheldig og handsa innanfor 16-meteren slik at Emil Betten fekk pynte litt på resultatet.

 

Vestnes Varfjell drog på langtur med ei lang forfallsliste, og trenar Ole Håkon Heen Lien måtte sette seg sjølv inn på den eine backen. Alexander Connor styrte laget frå benken. Alle dei 16 spelarane som var med bussen fekk speletid, inkludert debutant Dag Christian Maier Eidhamar frå gutelaget og reservekeeper Lars Håvard Heen Lien som fekk nokre minutt som utespelar.

 

To seierar på fem dagar sendte også laget oppover til ein 8. plass på tabellen. Laget er faktisk ubeseira på bortebane denne sesongen. Neste laurdag ventar Åndalsnes til årets siste heimekamp, før sesongen blir avslutta borte mot Dahle laurdagen etter.

 

PS: Dette var første møte med Smøla sidan 1995. Då skåra Arjan Hulsker 2 og Bernt Hulsker eitt i 3-1-seieren i tilsvarande kamp.

 

KAMPFAKTA:

Smøla - Vestnes Varfjell 1-4 (0-1)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal

Laurdag 9. oktober 2021 kl 14.30

Smøla kunstgressbane, 80 tilskuarar (11 Vestnes Varfjell)

Mål:

0-1 (36) Elling Olafsen

0-2 (50) Olafsen

0-3 (59) Olafsen

0-4 (79) Olafsen

1-4 (90 +3) Emil Betten, straffespark

Dommar: Kurt Einar Ansnes, Kvass/Ulvungen

Gult kort: Oliver Connor Søreng (31), Juan Rikard Larsen (56), Tor-Bjarne Løvik Salte (61), Vestnes Varfjell; Arne Martin Fossland (55), Smøla.

Vestnes Varfjell (4-5-1): Owen Connor; Juan Rikard Larsen (Dag Christian Maier Eidhamar 84.), Svein Erik Lange Male, Ørjan Tangen (k) (Karl Arne Stokkeland 66.), Ole Håkon Heen Lien - Ole Ragnar Opstad Forsland (Airidas Skirigaila), Oliver Connor Søreng, Magnus Nerheim (Juan Rikard Larsen 88.), Tor-Bjarne Løvik Salte (Arjan Sylte 80.), Lars Helge Lien - Elling Olafsen (Lars Håvard Heen Lien 84.)

Add a comment
 
Bortekamp mot Smøla laurdag
laurdag 09. oktober 2021 09:15

Det er klart for årets lengste bortetur når Smøla er motstandar. Siste kamp for Varfjell der var i 1995. Då vart det seier 3-1 etter mål av Arjan Hulsker 2 og Bernt Hulsker.

Sjekk Vestnes Varfjell Fotball på Facebook for stream

Add a comment
 
Årets første seier etter dramatisk kamp
tysdag 05. oktober 2021 18:57

(KFK/CFK - Vestnes Varfjell 2-3) Elling Olafsen 2 og Lars-Helge Lien skåra då Varfjell snudde kampen i andre omgang på Kristiansund stadion og sikra årets første seier og svært viktige poeng i kampen for ny kontrakt i 4. divisjon. Kampen var ein hengekamp frå tidlegare i haust som vart utsatt grunna koronasmitte i KFK/CFK-troppen.

 

KFK/CFK, som har slått sterke lag som Sunndal og Åndalsnes i sine siste heimekampar, var best før pause. Laget tok leiinga på ein flott utført lobb frå langt hold frå veteranen Roar Henden. Ballen gjekk akkurat over keeper og sneik seg under tverrliggaren. KFK/CFK var farleg når dei sette fart framover og Vestnes Varfjell-forsvaret var på gyngande grunn fleire gongar. Vestnes Varfjell hadde berre nokre halvsjansar å by i første omgang. Fortent 1-0 ved pause.

 

Kampen jamna seg ut i andre omgang, og etter kvart fekk Vestnes Varfjell-spelarane trua på at det var muleg å få med seg noko frå kampen.

 

Utlikninga kom etter eit fint oppbygd andrep, der Erik Tomren først fann Elling Olfasen som flikka vidare til Lars-Helge Lien. Han plasserte ballen til side for keeper. Vestnes Varfjell fekk no blod på tann og ti minutt seinare var laget i føringa. Elling Olfasen kom plutseleg aleine igjennom etter eit langt utspel frå Owen Connor, tok ei finte på ein KFK-forsvarer og sette ballen til side for keeperl. Same mann heada så inn 3-1 like etter då han dukka opp på første stolpe etter ein corner frå Lars-Helge Lien.

 

Det var dramatisk på slutten med straffe og redusering til heimelaget etter med eit kvarter igjen. Dommar Skrøvset meinte Juan Rikard Larsen hadde handa for langt ut frå kroppen då ein KFK-spelar skaut ballen opp i handa på han frå kloss hald. KFK/CFK pressa på mot slutten, kom ikkje nærare enn nokre skotforsøk frå langt hald. Vestnes Varfjell kjempa som løver og rodde i land seieren etter fem overtidsminutt. I løpet av desse måtte laget også spele med ein mann mindra og etter raudt kort på til Vegard Ellingseter for ei tøff takling midt på bana. Då vart det ampert og også ein KFK-spelar fekk gult kort, medan Henden, som skubba Ellingseter over endre ungjekk sitt andre for kampen.

 

Litt mannefall vart det også utover i kampen, men heldigvis hadde laget med seg ein solid benk. Tre mann delte på kapteinsbindet: først Ørjan Tangen, så Vegar Skare og til slutt Svein Erik Lange Male.

 

Kampen vart strema av Tor Morten Salte og du kan sjå opptaket på Facebook-sida til Vestnes Varfjell Fotball.

 

Nokre bilde frå kampen her

KAMPFAKTA

KFK/CFK - Vestnes Varfjell 2-3 (1-0)

4. divisjon Nordmøre/Romsdal, tirsdag 5. oktober kl 19

Kristiansund stadion, 50 tilskuarar (7 Vestnes Varfjell)

Mål:

1-0 (6) Roar Kristian Henden

1-1 (59) Lars-Helge Lien

1-2 (69) Elling Olafsen

1-2 (72) Olafsen

2-3 (75) Ali Hamondi, straffespark

Dommar: Per Iver Skrøvset, Bøfjord

Raudt kort: Vegard Ellingseter, Vestnes Varfjell (90 + 2). Gult kort: VV: Ole Ragnar Forsland (68), Tor-Bjaren Salte (78), Amund Stavem (87), og trener Ole Håkon Heen Lien (82=. KFK/CFK: Teodor Kazis Stene (20), Roar Henden (78), Ali Hamondi (90 +2)

Vestnes Varfjell (4-5-1/4-4-1-1): Owen Connor; Juan Rikard Larsen, Håkon Kjørvik, Ørjan Tangen (k) (Svein Erik Lange Male 46.), Magnus Nerheim (Ole-Ragnar Forsland 65.) - Oliver Connor Søreng (Eirik Leano Tomren 46.) Vegar Skare (Lars-Helge Lien 53.), Tor-Bjarne Løvik Salte, Amund Stavem (Lucas Våge 89.) - Elling Olafsen (Airidas Skirgaila 89.)

 

Add a comment
 
Hang ikkje med frå start og tapte klart mot Sunndal
fredag 01. oktober 2021 18:56

(Vestnes Varfjell - Sunndal 1-5) Varfjell hang ikkje med i starten og låg tre mål under før 20 minutt var spelt. Kjappe og teknisk gode Sunndal-spelarar fekk lett spel mot eit tafatt heimeforsvar. 0-1 kom etter eit skot frå 16 meter, 2-0 etter eit dribleraid langs dørlinja og skot i mål ved stolpen, så 0-3 på eit framspel forbi Varfjell-forsvaret og skot i motsatt hjørne.

 

SJÅ HEILE KAMPEN I OPPTAK I VARFJELL-TV

 

Tor-Bjarne Salte reduserte etter ei heading på corner lke før pause. Dette såg ut til å stresse Sunndal litt og Varfjell var meir med etter pause. Midtvegs i omgangen vart likevel kampen punktert då Sunndal utnytta eit høgståande Varfjell-forsvar og kom aleine med keeper. Det siste målet kom etter ei utboksing frå keeper og påfølgande mølje framom mål. Sunndal hadde også fleire andre oppløp der dei vart avvinka for offside. Vestnes Varfjell hadde nokre halvsjansar etter pause. To gongar var Elling Olafsen nære å få heada ballen i mål, medan Amund Stavem fekk skotforsøk frå god posisjon blokkert.

 

Det er ikkje meir å seie enn at det vart klart tap mot eit betre lag i kveld. Nokre forfall er med på å forklare litt, i dag mangla Vegard Ellingseter (karantene for fire gule kort) og ikkje minst stopparbauta Svein Erik Lange Male (skade, men kom innpå som spiss). I tillegg måtte Céderik Andreassen ut tidleg med skade.

 

Dette var den første av tre kampar  på ei dryg veke. Tirsdag blir den utsette kampen mot KFK/CFK spelt i Kristiansund, medan det neste laurdag er duka for det som kan bli rein nedrykksfinale borte mot Smøla.

 

KAMPFAKTA

Vestnes Varfjell - Sunndal 1-5 (1-3)

4. divisjon, Nordmøre/Romsdal, fredag 1. oktober 2021 kl 19

Vestnes idrettspark, 60 tilskuarar

Mål:

0-1 (6) Mohammad Khalil Abouzari

0-2 (14) Markus Hammerbekk Lewis

0-3 (18) Watchara Valset

1-3 (40) Tor-Bjarne Løvik Salte

1-4 (65) Sakdarit Patkong

1-5 (78) John Jørgen Grindseth Hafstad

Dommar: Simon Sandvik, Elnesvågen

Gult kort: Oliver Connor Søreng, Vestnes Varfjell; Watchara Valset, Oliver Lie, Oskar Sandvik og John Jørgen Grindseth Hafstad, Sunndal

Vestnes Varfjell (5-3-2): Owen Connor (Lars Håvard Heen Lien 46.); Juan Rikard Larsen, Håkon Kjørvik, Céderik Andreassen (Eirik Tomren 35.), Ørjan Tangen (k), Magnus Nerheim (Lucas Våge 86.) - Vegar Skare (Svein Erik Lange Male 79.), Oliver Connor Søreng, Tor-Bjarne Løvik Salte - Amund Stavem, Elling Olafsen

Add a comment
 
Møter Sunndal heime fredag klokka 19
fredag 01. oktober 2021 07:03

Ny heimekampventar i 4. divisjon fredag kveld når topplaget Sunndal kjem på besøk. Dei kjem frå seier i lokaloppgjer mot Surnadal, medan heimelaget jaktar sin første seier etter to uavgjorte på rad. Sunndal blir trent av Ole Bjørn Sundgot, best kjent som ein av S-ane i MFK på 1990-talet.

Oversikt over tidlegare oppgjer finn du her.

Møt opp og støtt heimelaget i det som blir ein ny fin fotballkveld under flomlyset i Vestnes idrettspark!

 

Kampen blir også streama av VarfjellTVs Asbjørn Vik. Denne sendinga finn du her.

Add a comment
 
Eks-spelarar i nye klubbar
torsdag 30. september 2021 15:35

Det skjedde ein del på siste dag av «overgangsbvindauget» for breiddefotballen, der fleire tidlegare Vestnes Varfjell-spelarar fann seg nye klubbar. Mest overraskande var kanskje at Nirut Phuanphae Mjøs skal spele for Isfjorden/ÅIF 2 i 5. divisjon. Audun Løkke er også på veg innover fjordane, han har valt å halde fram karriera i 6.-divisjonsklubben Måndalen. I same avdeling spelaar Bjørset som er ny klubb for Sander Valde. Jakob Ulvestad er klar for Elnesvågen i 5. divisjon. Elles har Yngve Solevågseide, Kay Connor og Oddgeir Vikås hengt seg på ei lang liste av tidlegare Vestnes Varfjell-spelarar som no utgjer det nye 7-arlaget til Vågstranda.

 

Me har tidlegare nemnt at Fredrik Sivertsen Bergslid og Liam Connor har klubbar i Trondheim som ny heimebane. Bergslid har alt debutert for Nardo 2 i 4. divisjon og er også reservekeeper i 2. divisjon. Connor har hatt fleire innhopp for studentlaget NTNUI i 3. divisjon. David Sissoko debuterte med skåring i sluttminuttamfor Brattvåg borte mot Fløya i 2. divisjon, og har også spelt nokre kampar for Norbord/Brattvåpg 2 i 4. divisjon.

 

Me ønskjer alle spelarar lukke til i sine nye klubbar.

 

ALLE OVERGANGAR TIL OG FRÅ VESTNES VARFJELL FINN DU HER

Add a comment
 
Sluttspurt sikra nytt viktig poeng
laurdag 25. september 2021 14:38

Vestnes Varfjell nektar å gje seg og igjen sikra laget seg poeng etter ei sein utlikning borte mot Midsund laurdag.

 

Kampen markerte den fulle gjenopninga av fotballen og vart flytta frå gras til Skeidvoll kunsgras rett før avspark grunna mykje regn og overvatn på Midsund stadion. Vertskapet serverte kake og kaffe på tribuna, medan Vestnes Varfjell var gavmilde ute på bana i opningsmutta. Kommunikasjonssvik mellom keeper og forsvar gjorde at Erlend Blø kunne snappe ballen og sende vertane i leiinga.

 

Vestnes Varfjell kom seg etter kalddusjen og resten av omgangen vart prega av to angrepsvillige lag som skapte mange sjansar. Midsund var nok hakket vassare dei gongane dei kom og Varfjell-målvakt Owen Connor måtte varte opp med fleire klasseredningar.

 

I andre enden var Eirik Tomren nære med eit skot som kurla like utanfor. Same mann fekk eit godt skot redda av keeper like etter. Midsund hadde eit godt forsøk der ein corner vart heada i bakken før ballen spratt like over. Etter halvtimen var heimelaget igjen svært nærme då dei sendte i veg ein lobb frå langt hald forbi ein utrusande keeper. Ballen trefte tverrliggaren før Ørjan Tangen fekk rydda opp i siste liten. Så var Tomren igjen igjennom, men vart vinka av før Magnus Nerheim fyrte av eit skot som gjekk på undersida av tverrliggaren, men dessverre spratt ned på feil side av streken.

 

Andre omgang vart også sjanserik. Vestnes Varfjell la om formasjon alt tidleg i kampen og sendte etter kvart både Svein Erik Lange Male og Ørjan Tangen framover på bana. Utlikninga sto likevel Amund Stavem for aleine då han snappa ei feilpasning på midtbana, runda av Midsund-forsvaret og sendte ballen kontrollert forbi keeper til 1-1.

 

Vestnes Varfjell tok no meir og meir over og Ørjan Tangen hadde ein stor sjanse til å gje gjestane leiinga. Keeper gav retur på eit frispark frå Stavem, men stolpen stoppa headina frå Vestnes Varfjell-kapteinen. Like etter la Tangen inn til Male som bomma då han kunne ha satt ballen i mål.

I staden var det vertane som igjen tok leiinga. Eit frispark frå hjørnet av 16-meteren sneik seg inn ved stolpen. Emil Sjøvik var målskårar.

Amund Stavem fekk eit godt skotforsøk redda like etterpå. Også Tangen var farleg frampå.

Vestnes Varfjell kjempa på for utlikning og såg ut til å halde ut betre enn Midsund. Som mot Tomrefjord sist fekk laget betalt for sluttspurten då Elling Olafsen heada inn 2-2 i 89. speleminutt. Tor-Bjarne Salte la eit innlegg etter frispark frå 40 meter inn i feltet, og der dukka den gamle målsniken opp.

Dermed nok eit viktig poeng i botnstriden, sjølv om seieren stadig uteblir.

 

KAMPFAKTA

Midsund - Vestnes Varfjell 2-2 (1-0)

Seriekamp 4. divisjon Nordmøre/Romsdal, laurdag 25. september 2021 kl 14.15

Skeidvoll kunstgrasbane, 100 tilskuarar

Mål:

1-0 (4) Erlend Blø

1-1 (62) Amund Stavem

2-1 (70) Emil Sjøvik

2-2 (89)  Elling Olafsen

Dommar: Modolf Holm, Isfjorden

Gult kort: Tor-Bjarne Salte (45), Vegard Ellingseter (60) og Cédrik Andreassen (70), Vesrtnes Varfjell, Even Heggdal, Midsund (65)

Vestnes Varfjell (4-5-1); Owen Connor; Håkon Kjørvik, Svein Erik Lange Male (Elling Olafsen 65.), Ørjan Tangen (k), Cédrik Andreassen - Tor-Bjarne Salte, Oliver Søreng, Vegard Ellingseter (Juan Rikard Larsen 63.), Eirik Tomren (Svein Erik Lange Male 89.), Magnus Nerheim -  Amund Stavem

 

Kampen vart filma av Tor Morten Salte og ligg ute i opptak på Facebook-sida til Vestnes Varfjell Fotball.

 

PS: Vestnes Varfjell spelte treningskamp/internkamp mot Måndalen tidlegare i veka og vann 2-0 etter skåringar av Magnus Nerheim og Tor-Bjarne Salte. Kampen vart spelt over 3 x 20 minutt i Måndalen og brødrene Heen Lien sto i mål for kvart sitt lag.

 

PS 2: Vestnes Varfjell kan knappast seiast å ha vore heldige med terminlista denne halvsesongen sjølv om laget har fått fleire kampar heime enn borte. Interne oppgjer mot andre lag i botnstriden avgjer som regel mykje, og Vestnes Varfjell er sett opp på utebane mot samtlege fem andre lag som no ligg på nedre halvdel!

Add a comment
 
Solveig Slemmen debuterte for Norge mot Sverige
onsdag 22. september 2021 13:49

Solveig Slemmen frå Vestnes Varfjell (no Molde) fekk sin debut for Norge J15 i kveld. Ho spelte heile kampen. Sverige vann 1-0.

 

https://www.fotball.no/landslag/norge-jenter-15/2021/j15-se-kampen-mot-sverige-her/

 

Fredag er det ny landskamp mot same lag, igjen med Slemmen frå start. Sjå kampen mot Sverige via lenka over frå klokka 13.

 

Add a comment
 
« StartFørre12345678910NesteSiste »

Side 1 av 261

Generalsponsor

sbmoreny.jpg

Hovedsponsor

salmarlogo.jpg

Ny sponsor:

moen.png

Våre sponsorar